ANDLET UTAD: Ordførar Bergliot Gaukhei ynskjer å skapa ein lokal identitet for Krykkjebakksundet, og har teke kontakt med fleire ­reklamebyrå og bede om pris på 500 kaffikrus. – Eit bilete av ein lokal profil på kaffikrusa er eit naturleg val, fortel Bergliot Gaukhei, og er ikkje imot at denne personen kan vere ho sjølv. Illustrasjon: Stein E. Nyfjolling

Vil ha bilete av seg sjølv på offentlege stader

Etter knapt eit halvår i ordførarstolen blir Bergliot Gaukhei skulda for stormannsgalskap og misbruk av ­offentlege midlar.

Krykkjebakkposten UTEN dato

Ordføraren kallar det bygging av lokal identitet. Opposisjonen kallar det udemokratisk persondyrking, og fleire kommunestyrerepresentantar trugar med mistillit mot husmora med det blanke kjedet rundt halsen.

Etter eit lite halvår i ordførarstolen er det mykje som tyder på at makta og æra har gått til hovudet på Bergliot Gaukhei, noko som kom til overflata i ein munnleg spørjetime i kommunestyret denne veka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Leif O. Nielsen (OP) hadde fått nyss i at at fru Gaukhei har sendt brev til skulen og sjukeheimen og bede om at det blir hengt opp innramma bilete av ordføraren på alle rom.

500 kaffikrus

Opposisjonen hadde også høyrt eit anna rykte, nemleg at ordføraren har teke kontakt med fleire reklamebyrå og bede om pris på 500 kaffikrus med «grafisk profilering av kommunen».

Ordførar Gaukhei stadfesta at ho har «sondert terrenget med tanke på ulike former for merkevarebygging».

– Kom til poenget, Bergliot, utbraut Asbjørn Roger Skuggebergdal (AFP).

– Kven skal det vera bilete av på desse koppane? Deg?

– Dette har ikkje noko med min person å gjera, men motivet må vera enkelt og attkjenneleg. Då kan ein bilete av ein person vera eit naturleg val. Det meiner reklamefolka også, svara ordføraren.

Leif O. Nielsen ville ha svar på kvifor alle skuleborn og alle gamle og sjuke skal måtta stirra heile dagen på bilete av det han omtalte som «ei gamal røy av ein ordførar». Han sa det var meint som ein spøkefull kommentar for å letta på stemninga, men vart bryskt klubba ned for for uparlamentarisk språkbruk.

Lillemor Lampe (MGP), som tilhøyrer det parlamentariske grunnlaget for Bergliot Gaukheis ordførarstatus, meinte at ordføraren gambla med makta si og truga med mistillitsframlegg dersom det synte seg at rykta hadde forankring i røynda.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er meir naturleg at ein av minigrisane mine prydar kaffikrusa, meinte den danskfødde minigrisoppdrettaren.

Appelsintrøbbel

Framstein Famlebust (IV) sa begge framlegga var heilt på trynet og meinte Krykkjebakksundet er på ville vegar når ein berre er oppteken av å profilera seg sjølv. Israelvenen gjorde framlegg om at ein løftar blikket og ville ha kommunestyret med på eit framlegg om utgreiing av grunnlaget for å gjera Jerusalem og Krykkjebakksundet til venskapskommunar.

Frida Finckeldrejer (MGP), som er leiar i den lokale Palestinakomiteen, svara med å kasta ei appelsin i skallen på Framstein Famlebust. Ho ropte over bordet at han er ein «ufyseleg Jaffa-fascist» og kunngjorde at intifadaen endeleg har kome til Krykkjebakksundet.

Les også:

Krykkjebakkposten

Humorside med skråblikk.

Følg Krykkjebakkposten på Facebook!

Hver lørdag i papirutgaven av avisen Dagen.

På nett: Krykkjebakkposten.no

Og følg oss på Twitter!

-----------------------------------------------------------------------

Har du tips eller innspill til saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om? Send oss en e-post: redaksjonen@dagen.no

Les også
Er blitt rikskjendis som minigris-bloggar
Les også
Ventar tusenvis av skituristar innom mobilt sportskapell
Les også
Elbilistar kjenner seg djupt diskriminerte
Les også
Sterke scener då ålefiskar fekk hjelp på engleskulenKrykkjebakkposten
Les også
Vurderer søksmål mot FacebookKrykkjebakkposten
Les også
Geitost kan bli advokatmat
Les også
Eks-pastor på glattcelleKrykkjebakkposten
Les også
Krykkjebakkfolket er som folk flest - tørkar klede inne
Les også
Er det lov å kalla presten ein statsfinansiert pisspreikar?