Krykkjebakkfolket er som folk flest - tørkar klede inne

Ordføraren har kjøpt seg tørketrommel etter at ho vart hengjande på klessnora i fleire timar.

– Nei, det har eg ikkje peiling på, seier Asbjørn Roger Skuggebergdal i Øvre Krykkjebakken Antifeministiske Mannsforening (ØKAM), ein av ti som var med i gallupen vår.

– Du har ikkje peiling på kvar du tørkar buksene og skjortene dine?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Høyr her, din tomskalle av ein bladfyk! Det skulle teke seg ut om den fremste antifeministen i bygda plutseleg avslørte at han hadde greie på kvinnfolkarbeid. Mitt svar er difor «veit ikkje». På prinsipielt grunnlag.

Utan bilete

Andre me spurde, var meir medgjerlege. Gloria Priscilla Skuggebergdal ville gjerne vera med i gallupen, dersom me lova å ikkje ta bilete av henne sidan ho berre hadde brukt to og ein halv time framfor spegelen denne dagen. Dette lova me, og dermed kunne Gloria Priscilla fortelja at ho brukar tørketrommelen som ho fekk av ektemannen på eittårsbryllupsdagen for 13 år sidan.

– Sidan har eg ikkje sett han, seier ho.

– Tørketrommelen?

– Nei, mannen.

Orkanen Tor

Ordførar Bergliot Gaukhei var også innom handelslaget då me gjorde gallupen, og ho representerer på mange måtar ei interessant utvikling når det gjeld klesvask i området vårt. Då me gjorde ei tilsvarande undersøking for eit par år sidan, svarte Bergliot at ho «sjølvsagt» tørka kleda ute.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kvar elles? Trur du mannen min vil ha underbuksene sine fulle­ av muggsopp og midd? la ho til ­ifølgje eit gulna klipp me tilfeldigvis kom over denne veka.

I dag tilhøyrer Bergliot Gaukhei plutseleg fleirtalet og tyr til moderne klestørking innandørs.

– Fekk du tak ein billeg tørketrommel på januarsalet?

– Nei, det var meir dramatisk enn som så, fortel ho.

Måndag for snart to veker sidan vart nemleg ordføraren hengjande fast på klessnora si i nesten to timar. Det skjedde då ho midt i orkanen Tor skulle hengja opp fire stillongsar og fem sloggy.

– Eg tenkte det var god klestørke, men alt med måte, fortel ho.

Uheldig vindretning

Tørkestativet på Gaukhei er nemleg plassert i ei bratt skråning, og Bergliot skulle akkurat til å festa ein av mannen sine stillongsar til snora då vinden tok tak i både henne tørkestativet. Ordføraren klamra seg fast til ein av armane på tørka, men det skulle ho strengt tatt ikkje gjort. I løpet av nokre sekundar var nemleg den trauste klessnora omgjort til ein spinn­galen karusell – med ­eigaren på slep i lause lufta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bergliot Gauhei fortel at ho var både svimmel og kvalm då vinden løya, men dramaet var ikkje over. Då rotasjonen tok slutt, vart klestørkaren hengjande i ein vestleg retning. Og alle som er kjend i bakkane på Gaukhei forstår at dette er ein uheldig retning å hengja i dersom ein er eit menneske og ikkje eit klesplagg. Ned til bakkenivå var det tre og ein halv meter, og ordføraren vart difor hengjande til tørk heilt til mannen kom heim frå arbeid - to timar seinare enn vanleg på grunn av ei bjørk som hadde blåse over 
vegen i Krykkjebakksvingen.

– Me køyrde til byen og kjøpte tørketrommel same kvelden, fortel ho.

Ute av kontroll

Men framleis er det eit betydeleg mindretal som held fast på skikken med utandørs klestørke. Kvaslaug Kranglebotn kjøpte sentrifuge i 1982, men gjekk tilbake til gamlemåten etter at ho måtte sjukmeldast etter to vekers kamp med den sylinderforma innretningen. Eldre­ lesarar vil hugsa denne typen maskiner som ein måtte leggja seg oppå før sentrifuga kom opp i så stor fart at den stod støtt på golvet av seg sjølv. Kvaslaug greidde aldri å få kontroll på dette beistet. Ein gong fór trommelen langs alle fire veggane i vill fart og raserte alt som fanst av hyller og skap.

– Ein annan gong rista gebisset mitt laust. Eg fekk det aldri til å passa igjen, fortel ho.

Kvaslaug Kranglebotn tilhøyrer difor 30-prosenten som framleis tørkar kleda sine ute.

– Eg har også blitt hengjande på klessnora nokre gonger, men heller det enn å mista tennene på kjellargolvet, seier ho.

Les også: