Elbilistar kjenner seg djupt diskriminerte

Dei fire medlemmene i Krykjebakksundet Elbilforening ladar ikkje berre batteriet. Dei ladar også dei miljøpolitiske kanonene.

Den nystifta foreninga krev bussfil gjennom heile Krykkjebakksundet, bompengestasjon i Krykkjebakkdalen, gebyr for parkering utanfor handelslaget og gjenopning av ferjesambandet til Krykkjebakkholmen.

– Det er nesten ingen vits å ha elbil i Krykkjebakksundet, sier Lillemor Lampe, som er vald til leiar i foreninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kvifor krev de bompengar og parkeringsbegyr? Er det ikkje dyrt nok å ha bil frå før?

– Det er jo ikkje på vegner av oss me krev dette. Det er dei som ikkje køyrer elbil som skal betala for seg, slik dei gjer i andre deler av landet, resonnerer foreningsleiaren.

Frontsoldatar

I dag er det inga bussfil i bygda. Ein kan stort sett setja bilen frå seg kvar ein vil, bortsett frå midt i vegen. Bompengar er eit ukjent begrep, og det er 24 år sidan siste ferja gjekk til Krykkjebakkholmen.

Lillemor Lampe seier det handlar om prinsipp.

– Som frontsoldatar i miljøkrigen krev me at samfunnet verdset innsatsen vår og stimulerer fleire til å gjera etiske val når dei skifter bil. Dette skjer alle andre stader i landet, men her i Krykkjebakksundet blir me likestilt med miljøsvina som køyrer rundt i svære diesel-SUVar og gamle bensinbilar som forpestar atmosfæren med klimagassar, påpeikar foreningsleiaren.

Enkel logikk

Elbilforeninga, som i tillegg til Lillemor Lampe tel to kvinnelege og eit mannleg medlem, syner til at elbilistar i resten av landet reiser gratis med ferjene. Men her er det inga ferje å reisa med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Enkel elbil-logikk tilseier at me då må få ei ferje å reisa gratis med, seier Lampe vidare.

Gamle M/F «Krykkebakksund VI» har lege til kai sidan 1992.

– Det er vel berre å finna fram malarkosten, sjekka skorsteinen, få eit par gamle sjøulkar med skipparstertifikat til å ta på seg den gamle KDL-gensaren og setja opp nokre turar ut til Krykkjebakkholmen slik at me på prinsipielt grunnlag kan få høva til å reisa gratis, me som alle andre elbilistar, seier ho.

Livsgrunnlaget

– Men Krykkjebakkholmen vart fråflytta for 12 år sidan. Kvifor vil du ut der med elbilen din?

– Eg vil ikkje nødvendigvis ut der med elbilen, din tungneme bladfjomp. Men det vil heilt sikkert nokre av svina som ikkje har elbil. Og då skal dei sanneleg betala for seg. Det skal kosta å øydeleggja livsgrunnlaget for framtidige generasjonar.

– Bompengestasjon i Krykkjebakkdalen?

– Eit heilt rimeleg krav, og då snakkar me plutseleg om pengar spart. Ein kjem korkje inn eller ut av Krykkjebakksundet utan å passera Krykkjebakkdalen. Men i dag er det like gratis for CO2-fascistane som for oss som som tek vare på jordkloden. Det er ikkje til å leva med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også:Fekk sjokk då ho skulle parkera

FølgKrykkjebakkposten på Facebook ogpå Twitter!

----------