Er blitt rikskjendis som minigris-bloggar

Lillemor Lampe har funne ein heilt spesiell nisje på nettet. – Ho fyller eit tomrom, seier lokal kommunikasjonsekspert.

Mange kvinner har blitt både rike og vidgjetne etter å ha blogga om liva sine. Men medan trafikken på interiørbloggar, mammabloggar, sminkebloggar og kroppspressbloggar er på veg nedover, har det gått rake vegen oppover for krykkjebakkprofilen Lillemor Lampe.

Bloggen griseprat.blogspot.com blir oppdatert dagleg med kvardagslege glimt frå eit spanande liv som minigrisoppdrettar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Besøkstalet er no så stort at fleire større annonsørar har meldt si interesse. Blogginga er ikkje lenger ein hobby, men i ferd med å bli ein leveveg for den danskfødde innflyttaren.

– Kva skriv du om?

– Om Piggy, Purkfrid, Gryntlaug, Fleskleif, Svorhild og dei 20 andre dyra mine. Det viser seg å vera ei enorm interesse for minigrisar rundt om i landet, seier Lillemor Lampe, og fortel at ho i dag legg ut ein artikkel om korleis Svorhild og Fleskleif kjem tuslande inn i stova kvar kveld på slaget 18.59.

– Ein kveld utan Dagsrevyen er ein dårleg kveld for Svorhild og Fleskleif, seier ho.

Les også:

  • Forbod var aprilspøk
  • Prøvekommune for kjønnsskifte
  • Følg Krykkjebakkposten påFacebook ogTwitter
  • Mannleg overvekt

    Vår lokale kommunikasjonsekspert, politisk redaktør Tarald Stangballe, er ikkje overraska over at minigrisbloggen er blitt ein nasjonal suksess. Denne veka har bloggen hatt nærare 150.000 besøk.

    – Minigrisar er eit underkommunisert tema i det offentlege rommet, påpeikar Stangballe, som innrømmer at han første gong besøkte bloggen på grunn 
av det pirrande namnet.

    Artikkelen fortsetter under annonsen.

    – Ein av annonsørane har gjort ei marknadsundersøking, og noko av det mest interessante er at 98 prosent av Lillemor sine lesarar er menn i alderen 50-70, påpeikar Stangballe.

    – Ein skulle tru at interessa for minigrisar var jamnt fordelt ­mellom kvinner og menn?

    – Ein får seg mange overraskingar i denne bransjen, svarar eksperten.

    Ubegripeleg

    Lillemor Lampe fortel at ho har signert fleire lukrative avtalar med selskap som vil annonsera på bloggen hennar. Frå mandag vil høgre sida av skjermen bli fylt av reklame for motorsager, jaktrifler og mannfolkblad.

    – Men det er ingen som vil annonsera for meir typiske kvinneprodukt?

    – Nei, kan du begripa det? ­undrast den suksessrike bloggaren.

    Les også: