BLOGGAR: Pastor Raunvald Olsson har i det siste vore ein særs aktiv bloggar. Han seier sjølv at han ynskjer å avsløra hyklarane i bygda og sparar ikkje på kraftuttrykka i tekstane han skriv. Illustrasjon: Stein E. Nyfjolling

Eks-pastor på glattcelle

Tidlegare forstandar Raunvald Olsson vart torsdag kasta på glattcelle etter å ha publisert ein video av den nye lensmannsbetjenten.

Krykkjebakkposten UTEN dato

Etter nedturen for Krykkjebakksundet Karismatiske Senter (KKS) har pastor Raunvald skaffa seg ei viss merksemd med å hengja ut lokale profilar på bloggen sin.

Det likar lokalprofilane dårleg, og fleire av dei har bede lensmannen etterforska karakteristikkar som «tragikomisk gnurebukk», «kvasiteologisk tomskalle», «motteten rotvelte» og «privatpraktiserande pappskalle».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

BLOGGAR: Pastor Raunvald Olsson har i det siste vore ein særs aktiv bloggar. Han seier sjølv at han ynskjer å avsløra hyklarane i bygda og sparar ikkje på kraftuttrykka i tekstane han skriv. Illustrasjon: Stein E. Nyfjolling

Eks-pastoren svarte med å setja mobiltelefonen i videomodus, og lenmsannsbetjenten hadde knapt sett seg i bilen før opptaket var publisert på eks-pastoren sin etterkvart namngjetne nettstad audmjuktenar.no.

Deretter gjekk det fem minuttar før Olsson vart lagt i handjern og kasta i glattcella på eit lensmannskontor som berre er ope tre kvarter i veka.

Eks-pastor Raunvald risikerer difor å bli sitjande i arresten til kontoret opnar neste torsdag kl. 14.45.

Les også:

Krykkjebakkposten

Humorside med skråblikk.

Følg Krykkjebakkposten på Facebook!

Hver lørdag i papirutgaven av avisen Dagen.

På nett: Krykkjebakkposten.no

Og følg oss på Twitter!

-----------------------------------------------------------------------

Har du tips eller innspill til saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om? Send oss en e-post: redaksjonen@dagen.no

Les også
Er det lov å kalla presten ein statsfinansiert pisspreikar?
Les også
Geitost kan bli advokatmat
Les også
Krykkjebakkfolket er som folk flest - tørkar klede inne
Les også
Krykkjebakkposten vil ikkje ta stilling i amerikansk presidentval
Les også
Tilbyr lagringsplass for batteri til folk med samlivsproblem