Er det lov å kalla presten ein statsfinansiert pisspreikar?

Kan du ustraffa omtala Framstein Famlebust som ei punktert sekkepipe? Og er det greit å kalla soknepresten ein kvasiteologisk tomskalle?

Etter nedturen for Krykkjebakksundet Karismatiske Senter (KKS) har pastor Raunvald skaffa seg ei viss merksemd med å hengja ut lokale profilar på bloggen sin.

Olsson fortel til Krykkjebakkposten at han ser på seg sjølv som ein ­faneberar i kampen for ei betre verd. Etter at dei tre siste medlemmene i KKS melde seg ut på ettersomaren, har han oppretta nettsida audmjuktenar.no.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ei kjapp oppteljing syner at pastoren berre i løpet av eit halvt år har skrive rundt 300 artiklar med innhald av det meir frimodige slaget.

– Mitt kall er å avsløra hyklarane og noksagtane i bygda, seier han.

– Du skriv mykje om namn­gjevne horebukkar, fyllefantar, ­spiritistar og satanistar?

– Nei, det har eg aldri gjort. Kvar har du det frå? svarar han.

FølgKrykkjebakkposten på Facebook!

Research-mistyding

Ved nærare gjennomgang syner det seg at Skuggebergdal ­refererte frå ei sak som han hadde lese i rikspressa om ein pastor som denne veka vart dømd for alt styggesnakket sitt.

Når det gjeld vår ­lokale eks-pastor Raunvald Olsson, er historia noko annleis.

– Eg spesialiserer meg på kreativ kombinasjon av kraftuttrykk, men held meg på rett side av lova, hevdar Olsson.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Firkanta og rund

Sokneprest Theobald W. Glad er omtalt i 43 innlegg på audmjuktenar.no, mellom anna som «statsfinansiert pisspreikar» og «tragikomisk gnurebukk».

Glad fortel til Krykjebakkposten at han først ønskte å møta Olsson i Konfliktrådet for å sjå om dei kunne bli samde om ein avtale. Mellom anna ville han foreslå at Olsson kunne setja ein «s» framfor «pisspreikar».

Olsson svarde på dette framlegget med å publisera 14 nye artiklar om den «sjukeleg sjølvopptekne soknepesten» og 13 innlegg om leiaren i konfliktrådet, Framstein Famlebust. Om sistnemnde heiter det at han er «like firkanta i hovudet som han er rund om livet». Leif O. Nielsen skal vera ei «motteten rotvelte som knapt ser forskjell på ei åleteine og ei mopedlykt.» Nielsen seier at han om nødvendig kan ta med seg mopedlykt og åleteine i retten og dokumentera at Olsson tek feil.

Pappskalle

Torsdag troppa sokneprest Glad og bedehushovding Famlebust opp på lensmannskontoret, som frå årsskiftet har fått utvida opningstid frå 30 til 45 minuttar i veka.

Den nye lensmannsbetjenten - ein mann i 40 årsalderen som ifølgje våre kjelder i blondinemiljøet liknar til forveksling den amerikanske skodespelaren George Clooney, var oppteken i samtale med Gloria Priscilla Skuggebergdal då dei to kristenleiarane dukka opp på lensmannskontoret.

Ho var - offisielt - ute i same ærend etter at eks-pastor Olsson i eit 20-tals artiklar har omtalt henne som mellom anna «privatpraktiserande pappskalle» og «utlogga hønsehjerne».

– Eg er så såra, så krenka. Men du verda kor godt det var å møta ein fagleg sterk lensmannsbetjent, seier Gloria Priscilla Skuggebergdal.

FølgKrykkjebakkposten på Facebook!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også: