Geitost kan bli advokatmat

Geitebøndene i Krykkjebakkdalen høvlar kvarandre ned og kranglar så mjølka skvett om kven som lagar den beste osten.

På nett:Krykkjebakkposten.no

Ogfølg oss på Twitter!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det har lenge ulma under overflata i Krykkjebakkdalen, der den største næringa er djupt splitta etter at to av fire bønder har byrja å produsera firkanta geitostar. Striden førde til at den mangåerige leiaren i geitavlslaget, Klauvleif Smørklepp, braut ut og stifta Krykkjebakkdalen Nye Geitalvslag (KNG). Einaste kriterium for medlemskap er at medlemmene produserer runde geitostar.

Som tidlegare meldt har ostekrigen også fått kyrkjelege konsekvensar, ettersom styret i geitavlslaget og soknerådet lenge gjekk opp i ein større einskap. På bibelsk vis stod bøndene saman - sterkt inspirert av geitehaldet til stamfaren Jakob i Første Mosebok 30:

«Finst det ei geit hjå meg som ikkje er flekka eller spragla, eller ein sau som ikkje er mørk, så er dei stolne.»

Dei fire samstemte geitebøndene overførte det bibelske mønsteret til andre deler av geitehaldet. Det var til dømes aldri tvil om at ein geitost skal ha ha sylinderform. Eller som Klauvleif sa det på eit kombinert styre- og soknerådsmøte ein maikveld i 1992: «Finst det ein geitost hjå meg som ikkje er sylinderforma, så er han ikkje ein geitost!».

Applausen ville ingen ende ta den kvelden, og begeistringa var så stor at det aldri vart tid til å behandla spørsmålet om tilsetjing av ny kateket.

Reknekyndig geitebonde

Men harmonien er historie. Etter ein ferietur til Veitastrond oppdaga søskenborna Raggnar (58) og Muggleif (55) Krykkjebakkdal at det går an å laga firkanta geitostar, og då Krykkebakksundet fekk nettsamband fann dei ut at det kringom i verda finst geitostar som er både trekanta og åttekanta. I fjor vinter investerte dei to slektningane i ei skjeremaskin som kuttar geitosten opp i kubisk form der alle kantane er like lange.

– Dersom me tek utgangspunkt i ei kube med kantlengde 1, vil det duale polyederet til kuba ha kantlengder på kvadratrota av 2. Det ­resterande volumet består av fire irregulære tetraader med eit volum på ein sjettedel av den same kuba, forklarar Muggleif Krykkjebakkdal, den mest matematikkinteresserte av dei to søskenborna.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

(Me gjer merksam på at intervjuet ikkje er sitatsjekka).

Krev ostane fjerna

Marknadsføringa har fått Klavuleif og kompanjongen Bartolomeus Bukkestein til å sjå raudt: På plakatar og etikettar blir produktet omtala som «ekte geitost av krykkjebakkdalstype.»

Det velsmakande pålegget med det fengjande navnet Krykkjebakkdalsost vart nemleg registret som varemerke allereie på 80-talet, og i ei presssemelding trugar dei to tradisjonsberarane med «alt frå langvarig rettsak, sivil ulydnad og total handelsblokade dersom ikkje handelslagsstyrar Oldus Kneiken jr. innan tysdag morgon fjernar alle firkanta geitostar frå hyllene.»

Kvalitetssikra etikett

Nytenkjarane hevdar på si side at dei har sitt på det tørre:

– Firkanta geitostar er flotte saker. Det er verre å vera firkanta i hovudet, slik Smørleifen er vorten dei siste åra, seier Raggnar Krykkjebakkdal.

– Me har aldri sagt at med lagar Krykkjebakkdalsost. Her er det hårfine juridiske distinksjonar. Men hårfine distinksjonar er vel ikkje noko som den gråsprengte mose­boksfundamentalisten Klauvleif Smørklepp forstår seg på, seier fetter­en Muggleif.