Krykkjebakkposten vil ikkje ta stilling i amerikansk presidentval

For første gong sidan andre verdskrigen har bladstyraren i Krykkjebakkposten bestemt seg for at han kan leva med både den eine og andre som amerikansk president. Men vegen fram til ei slik erkjenning 
var lang.

På nett:Krykkjebakkposten.no

Ogfølg oss på Twitter!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sjefredaktør Sprettvald Kleggstubb bryt dermed ein 70 år lang tradisjon, der Krykkjebakkposten på leiarplass har teke eit klårt parti for anten den republikanske eller demokratiske kandidaten.

– I år er det så mange gode kandidatar på begge sider at dei fleste i Krykkjebakksundet kan sova godt om nettene kven som skulle bli vald, forklarar Kleggstubb om årsaka til den dramatiske avgjerda.

Men dette er kanskje ikkje hovudforklaringa på den oppsiktsvekkjande snuoperasjonen.

Utsett for press

Krykkjebakkposten har dei siste vekene vore utsett for eit press frå mange lesarar, som forventar at bladet gjev amerikanske veljarar eit tydeleg råd.

 Forventninga har ikkje vore mindre etter at Tarald Stangballe for tre år sidan flytta heimatt til Krykkjebakksundet og vart politisk redaktør i Krykkjebakkposten ved sida av jobben som reparatør av høyreapparat.

Stangballe var tidlegare tilsett i hovudstadspressa og var ikkje minst kjend for sine tydelege standpunt ved dei amerikanske presidentvala.

I 2004 åtvara han mot John Kerry med ei grunngjeving som vekte åtgaum over den vestlege halvkula – i alle høve på deler av Theatercafeen:

«Kan man stole på en mann som har fått valgkampen finansiert av verdens største ketchupprodusent?» spurde Stangballe og synte til at den noverande utanriksministaren var gift med eigaren av Heinz ketchupfabrikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gjekk i dørken

Etter primærvalet i Iowa har bølgjene gått høgt i redaksjonslokala i Krykkjebakksvingen.

Tysdag ettermiddag kom det til håndgemeng mellom Sprettvald Kleggstubb og Tarald Stangballe i eit oppheta ordskifte om trykking eller ikkje trykking av eit lesarinnlegg signert Asbjørn Roger Skuggebergdal i Øvre Krykkjebakken Antifeministiske Mannsforening (ØKAM).

Skuggebergdal rykte ut med full støtte til Donald Trump, som førre vekke gjekk til åtak på ein kvinneleg programleiar på tv og sa at ho stilte så dårlege spørsmål fordi ho hadde mensen.

«Endeleg ein politikar som vågar å kalla ein spade for ein spade,» skreiv den kjende antifeministen.

Svigerdotter hans, som er vaskehjelp i tre prosent stilling i Krykkjebakkposten, var tilfeldigvis på jobb då dei to bladfykane rauk i tottane på kvarandre og mekla fram ei våpenkvile mellom kamphanane samstundes som ho fekk innblikk i stridens kjerne:

– Kva er gale med å kalla ein spade for ein spade? Hugs at Asbjørn Roger er gamal entreprenør, skal Gloria Priscilla ha replisert før ho gav Tarald Stangballe eit kakk i bakhovudet med moppen.

Den politiske redaktøren vart liggjande halvdaud på golvet i åtte minuttar, men var medviten nok til å forklara vaskehjelpa at spade-uttrykket var biletleg tale. Gloria Priscilla Skuggebergdal vende då raseriet sitt mot Sprettvald Kleggstubb, som bokstaveleg talt blei utsett for ei kraftig skyllebøtte.

– Summa summarum er det best å halda seg unna amerikansk politikk, sa redaktørane i kor etter at dei var kome nokonlunde til hektene.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Freden senka seg

Semja vart stadfesta då det blei putta endå eit lesarinnlegg inn gjennom redaksjonen sin brevsprekk.

Brevet var signert styreleiar Leif O. Nielsen i Krykkjebakksundet Kvardagslyrikk- og Blokkfløytelag, som har merka seg at Donald Trump allereie i andre klasse på barneskulen reiste seg frå pulten og gav den kvinnelege musikklæraren ein kraftig blåveis, sidan ho «ikkje hadde peiling på musikk.»

Laget har gjort kampen mot offentleg musikkundervisning til ei fanesak.

– Elevar som Donald Trump skulle me hatt fleire av i norsk skule, heiter det i debattinnlegget, som vart refusert og brend over eit stearinlys medan Sprettvald gnei seg i hendene, og Gloria Priscilla masserte den ømme nakken til Tarald Stangballe.

Ved trykketid i går kveld råda det ei fredeleg stemning i redaksjonen etter ei utfordrande veke grunna primærvalet i Iowa.

Frå arkivet: