SEANSE: Frida Finckeldreyer (t.v.) og Kavslaug Kranglebotn i engleskulen Ab intus hadde ei seanse med Leif O. Nielsen (midten), der dei skulle hjelpa den tidlegare ålefiskaren med å kome i kontakt med seg sjølv. Illustrasjon: Stein E. Nyfjolling

Sterke scener då ålefiskar fekk hjelp på engleskulen

Krykkjebakkposten var med då ålefiskar og moped­reparatør møtte to av dei meir åndelege damene i bygda på kombinert tupperware-party og engleskule.

Krykkjebakkposten UTEN dato

Etter at søndagsskulen i Krykkjebakksundet vart stengt grunna årelang arbeidskonflikt, vart dei arbeidslause søndagskulelærarane samde om å finna på noko nytt innanfor kulturliv og slikt.

Resultatet vart Krykkkjebakksundet engle- og fjørfeakademi, som lenge sleit med oppslutninga og endå meir med søknadane om offentleg pengestøtte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men frammøtet tok seg kraftig opp etter at initiativtakar Kvaslaug Kranglebotn la til side mykje av den venstreorienterte dagsordenen sin og blei tupperwareseljar ved sida av jobben som kassadame på handelslaget.

I vinter har engleakademiet fått kapellan og performancekunstnar Frida Finckeldrejer med på laget, og dei siste vekene har det gått rykte om «sterke åndelege opplevingar» når eit 15-tals kvinner kjem saman for plastboksshopping og personlegdomsutvikling heime hjå Kvaslaug.

Noko som manglar

Den spanande utviklinga finn stad samstundes som akademiet har skifta namn til Ab intus, som skal vera latin og bety noko sikt som «innanfrå».

Etter det me forstår, er Frida Finckeldrejer ein krumtapp i nysatsinga. Kapellanen har vore langtidssjukemeld etter å ha pådrege seg ein ryggvirvelskade under montering av eit moderne kunstverk til den lokale haustutstillinga i 2014.

Kledd i turban, miniskjørt og aurlandsko var det lagt opp til at den kunstnarinteresserte kapellanen skulle balansera på ei tom spritflaske medan ho framførte shiamuslimske bøner i samisk språkdrakt til tonefølgje av Kjerringa med staven.

Kjende seg tom

Krykkjebakkposten var med då Leif O. Nielsen tysdag oppsøkte det kvinnedominerte fellesskapet.

Nielsen fortel at han har kjend seg tom etter at han i fjor sommar vart lurt av ei dame som fortalde at ho elska han over alt på jord, men som etter tre dagars bekjentskap stakk av med 23.000 av kronene hans.

– Leif O. Nielsen er eit døme på det me arbeider mest med i Ab intus, fortel Finckeldrejer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Og kva er det?

– Det er ei erkjenning av kva som skjer når det ytre er på plass, men når noko manglar på det indre plan. Hjå oss skal Leif O. Nielsen få verktøy der han kan få kontakt med seg sjølv.

Daud kjøttmeis

Diverre tok salet av ulike tupperwareprodukt så lang tid at arbeidet med Leif O. Nielsens indre ikkje kom i gang før halv ni.

Me fekk diverre ikkje med oss heile seansen, men nok til at me kan gje lesarane ein peikepinn på kva damene i Ab intus steller med:

Leif O. Nielsen måtte setja seg på ein pinnestol framføre Frida Finckeldrejer og Kvaslaug Kranglebotn. Han vart beden om å oppgi fullt namn, adresse, sivilstand og nasjonalitet. Protesten hans, som gjekk ut på at dei visste alt dette frå før, førde ikkje fram.

Finckeldrejer og Kranglebotn sat med lukka augo. Etter eit minutts stille sa Finckedrejer at ho hadde fått eit bilete, der ho såg at Leif O. Nielsen sat på ein stein og at det låg fire boksar makrellfilet og ei daud kjøttmeis på grusen framfor han.

– Eg ser ei humle! utbraut Kvaslaug Kranglebotn før me måtte skunda oss heim til ein viktig fotballamp på fjernsynet.

Krykkjebakkposten

Humorside med skråblikk.

Følg Krykkjebakkposten på Facebook!

Hver lørdag i papirutgaven av avisen Dagen.

På nett: Krykkjebakkposten.no

Og følg oss på Twitter!

-----------------------------------------------------------------------

Har du tips eller innspill til saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om? Send oss en e-post: redaksjonen@dagen.no

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Vurderer søksmål mot FacebookKrykkjebakkposten
Les også
Geitost kan bli advokatmat
Les også
Eks-pastor på glattcelleKrykkjebakkposten
Les også
Krykkjebakkfolket er som folk flest - tørkar klede inne
Les også
Er det lov å kalla presten ein statsfinansiert pisspreikar?