For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

HAMAS: Hamas er ein organisasjon som er definert ut frå sin ideologi, sine vedtekter og sine handlingar. Vi må altså skilja mellom folket og organisasjonen, skriv Johannes Kleppa. (Foto frå kibbutzen som vart angripen av Hamas 7. oktober.)

Skal kristne velsigna Hamas?

Eg kan ikkje sjå at det er rett å leggja Guds namn på ein slik organisasjon.

Publisert Sist oppdatert

Det har komme opp ei problemstilling om kristne skal velsigna Hamas. Svaret på det spørsmålet er avhengig av kven Bibelen seier vi skal velsigna, og kva Bibelen seier det å velsigna er. Etter mitt teologiske skjønn er svaret på spørsmålet nei. Dei som seier vi skal gjera det, viser til at Guds ord seier vi skal velsigna dei som forbannar oss (Matt 5,44). Til grunn for den konklusjonen trur eg det ligg ei mistyding av kva det inneber å velsigna og kven dei som forbannar oss er.

Slår vi opp i ei bibelordbok, finn vi svært mange bibelvers om å velsigna og velsigning med ulike former av orda og ulike ordsamansetjingar, men eg kan ikkje sjå at nokon av dei kan brukast til velsigning av ein terrororganisasjon eller til å velsigna syndige forhold. Eg trur noko av problemet ligg i at ein samanblandar det å be for nokon (forbønn) med det å velsigna nokon.

Tre av dei mest sentrale bibeltekstane om å velsigna og velsigning er 4 Mos 6,23–27; 5 Mos 28,1ff og Ef 1,3. Det siste er sjølve kardinalordet som viser at velsigninga er knytt til himmelen og Kristus. Velsigninga er i Kristus, og høyrer med det evangeliet til. Det som er synd, kan då ikkje velsignast.

Powered by Labrador CMS