DÅP: 41 vart døypt i John H. Lilley fengsel i byen Boley då eit team frå Victory Christian Center var på besøk.
Instagram @victorytulsa
Massedåp i fengselet: – Gjekk mellom 751 fangar utan handjern
41 fangar skal ha blitt døypte då Victory Christian Center besøkte eit fengsel i Oklahoma sist veke.
750 fangar strøymde til då pastor Paul Daugherty i megakyrkja Victory Christian Center besøkte John H. Lilley fengsel sist måndag, skriv CBN.
400 skal ha teke imot Jesus, og 41 blei døypte i eit stort kar.
Daugherty har leia Victory Christian Center i byen Tulsa i delstaten Oklahoma i over 10 år. Han har teke over etter foreldra sine, Sharon og avlidne Billy Joe Daugherty, som grunnla kyrkja.