ETTERLEVA: Det er enkelt nok å leva konfliktfritt, dersom det er idealet. Det er jo berre til ikkje å ta ordet. Men korleis kan ein kristen som ikkje tek ordet etterleva Jesu ord om å døypa ogå læra alle alt det han har bode oss? spør Sofie Braut.
Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix
Konfliktfritt kristenideal?
Eit av dei mest alvorlege angrepa på teologisk integritet kjem i dag frå det eg kallar «teologi på tomannshand». Det er det motsette av det «Calmeyergatelinjen» står for.
No i januar er det 100 år sidan det vidgjetne Calmeyergatemøtet som samla konservative kristne frå ulike organisasjonar til felles landsmøte på nasjonalt nivå. Målet var å staka ut ein tydeleg kurs for det vidare arbeidet i eit åndeleg landskap prega av ein liberalteologi på sterk frammarsj.
Profilar som Ole Hallesby og Ludvig Hope var mellom dei som på ulikt vis prega dette miljøet, og utfallet er kjent som «Calmeyergatelinjen»; eit tydeleg og avgjort oppgjer med liberal teologi med føremål å vareta organisasjonane sin teologiske integritet. Møtet konkluderte med eit behov for å synleggjera ulik haldning til Bibelen gjennom å avstå frå frivillig samarbeid med prestar og andre som representerte det dei oppfatta som eit brot med Bibelens autoritet.
Hundre år seinare verkar konklusjonane frå Calmeyergate bastante og svært lite kompatible med dagens krav om kompromiss og toleranse. «Kirkestriden» tidleg på 1900-talet inneheldt tydelege stemmer. Dei tok ordet for å overtyda andre og i ordskifta låg sanninga gjerne i potten, ikkje berre fleire likestilte «syn» eller «interessante perspektiv».