MARKERING: Traktorer fra hele landet ankom Oslo sentrum under en markering fra Bondeorganisasjonene i forbindelse med årets jordbruksoppgjør. Foto: Terje Pedersen / NTB
Ei tapt moglegheit for jordbruket
I år valde jordbruket å avvise forhandlingar utan å vite kva dei sa nei til.
Norsk jordbruk og matproduksjon er den største fastlandsnæringa vi har, og er heilt avgjerande for sikker og trygg matforsyning og for aktivitet og busetjing i heile landet. Vi har ei unik ordning i Noreg.
Norsk jordbruk har rett til å forhandle med staten om rammevilkåra for matproduksjon i landet vårt. I jordbruksforhandlingane blir det diskutert både totalrammer og konkret innretning på verkemidla.
Eg ønskjer å legge til rette for eit aktivt og framtidsretta landbruk over heile landet, med eit mangfald av små og store bruk, og der vi bruker ressursane våre rett for å produsere sunn og trygg mat som vi alle treng. I jordbruksforhandlingane diskuterer vi akkurat korleis vi får til dette. Staten og jordbruket kan saman finne løysingar på vegen vidare.