Prinsesse Märtha Louise og sjaman Durek under foredraget på Clarion hotell i Stavanger. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Carina Johansen / NTB scanpix
Sjamanisme i kongehuset og kyrkja
Det meste skal vere tillate, grensene vert flytta stendig lenger vekk frå kyrkja sin grunnvoll. Kanskje folk flest seier klart frå altfor sjeldan?
Vi har siste dagane vorte fora godt med nyhende kring prinsesse Märtha og ein amerikansk sjaman. Dei har gått saman om ein turne rundt i landet for å orientere om sjamanisme og kva denne står for. Dei to har også stått fram som kjærastar. Kongefamilien har uttalt seg i positive vendingar om det heile. Ja, kva anna kunne dei gjere?
Eg må lese meg opp – kva er sjamanisme? Leitar vi, vil vi finne ein heil del – då særleg på nettet. Her skal eg ta med eit lite avsnitt frå det eg fann:
«Sjamanisme er en religiøs praksis basert på troen på at naturen er besjelet og at mennesker kan kommunisere med en åndeverden. Personer som hevder de er i stand til å utveksle budskap med åndeverdenen omtales som sjamaner. Sjamanisme er blant annet særpreget ved teknikker for å oppnå ekstase eller transe.