Debatt
KOMIKER: På bildet ser vi Sigrid Bonde Tusvik som programleder for Gullruten i 2019.
Marit Hommedal/NTB
Humor på ville vegar
Treng ein ikkje lenger vera morosam for å kalle seg komikar?
Den «nye» humoren, som professor Jan Inge Sørbø har skrivi skriv så forvitneleg om i Dag og Tid er ikkje allment morosam, men er blitt redusert til kjendiseri og urban kodesjargong.
«Dagens humor er å seia ting som er for frekke, ubehagelege og uanstendige til å framføra i vanlege settingar… sjikanen som før var humoristisk, er blitt sadistisk,» seier han.
Humor er eit kraftig våpen, fordi dette virkemiddelet slår inn i breie målgrupper, samstundes som kritikarane blir avvæpna. Kvar gong nokon går over streken, og einkvan i samfunnet kjem med kritikk, høyrer me omkvedet: «Vi mente det jo ikke bokstavelig, det var jo bare satire, og det bør man jo tåle…»