«Nokre argument er lausrive frå Skrifta ut frå slik ein tenkjer ei forsamling bør fungera», skriv Johannes Kleppa (biletet).
Tore Hjalmar Sævik
God bibelsk dekning for å halda fast på nei til kvinnelege eldste
Så lenge Bibelen talar som han gjer, vil dette spørsmålet leva, og stadige framstøyt for å endra praksis, vil skapa splitting og i realiteten også undergrava eldstefunksjonen.
Det dukkar stadig opp press for å få kvinnelege eldste der ein ikkje har det.
Det er i grunnen ei merkeleg sak, fordi det opp gjennom historia har vore semje i alle kyrkjesamfunn om at det er skilnad på menn og kvinner i ekteskap og kyrkje, slik at lære- og hyrdingtenesta skal menn med rett åndsutrustning ta seg av. Slik har det vore på tross av ulike kyrkje- og embetssyn, og ulike samfunns- og kultursituasjonar.
Den utviklinga vi ser no, byrja etter siste verdskrigen, men det er først i den siste generasjonen det har vore store endringar. Det skaper mykje uro og splitting, og det er alltid den som vil innføra nye skikkar, som har hovudansvaret for dei problema og den splittinga det fører med seg.