Glimrande om bibelsyn og evolusjon
Det er imponerande kva dei tre unge forfattarane har sett seg inn i, den argumentasjonen dei fører og den bibelforpliktinga dei viser, skriv Johannes Kleppa.
I det siste har det kome fleire bøker frå kristent hald om skaping og evolusjon, tru og vitskap eller der slike element er del av ein større samanheng.
Eg har lese fleire av desse, og eg synest særleg det som er teologisk basert, har ein tendens til ikkje å ta evolusjonslæra fullt på alvor etter sin karakter.
Det vert helst ei evolusjonstenking som er tilpassa ei kristen skapingstenking, altså at Gud styrer utviklinga på eit eller anna vis.