JON FOSSE.

Timoteus og oss: Forskjell på Paulus og Jon Fosse

Aviser og tidsskrifter? Nei. Heilt ukjent for Timoteus.

Omfanget av bøker var heller ikkje stort. Likevel: Korkje Timoteus eller Paulus var ukjende for dyktige forfattarar (Apg 17,28).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men alt i barneåra hadde Timoteus lært at «Skriftene» (GT) har ein unik autoritet. Dette endra seg ikkje etter at han lærte Jesus å kjenne. Men no skjøna han fort at skrifter som inneheldt læra åt apostlane, har same autoritet (NT). Jesus og apostlane gir oss også merkesteinar for tolkinga av GT.

I 2Tim 3,16 les han: «Heile Skrifta er innanda av Gud

Ikkje misforstå, Timoteus: Les gjerne Platon og Kleantes. Men gjeld det tru og livshaldningar, er Skriftene overordna alle andre bøker. Det same gjeld oss apostlar når vi underviser. Ikkje tru oss fordi vi er geniale, men fordi vi er autoriserte av Gud sjølv (vers 10).

Har du høyrt nedlatande ord om Bibelen i din omgangskrets? Kanskje kom dei som små hint under ein samtale? Har du kanskje også sett harselerande utsegner på nettet? «Bibelen? Vi er vel komne lenger?»

Paulus seier: Vil du bli «vis til frelse» og samtidig oppsedast i «all god gjerning», har du ein veg å gå: Til Skriftene i Bibelen (vers 15–17). Dei er inspirerte av Guds eigen Ande.

Det er korkje Platon eller Jon Fosse sine bøker, så geniale dei enn er.