LYKKEKJENSLE: Mange tenker på lykke som den herlege kjensla når noko fantastisk godt skjer, når ein blir fylt av ei sterk og positiv kjensle. Men lykke handlar òg om vekst og korleis vi fungerer saman i samfunnet.
Gorm Kallestad / NTB
Vil vi skal sjå på lykka med litt breiare linse
– Vi har kan hende ei litt smal oppfatning av kva det er å vere lukkeleg, seier Ragnhild Bang Nes. Ho har forska på emnet i mange år.
– Når eg spør folk «kva er lykke for deg», så vil halvparten seie – åhh, det er den herlege brusen eg kjenner når noko fantastisk godt skjer, gjerne overraskande. Når eg blir fylt av ei sterk, positiv, og kortvarig kjensle. Den andre halvparten vil seie at det er denne gode, varme djupe gleda, som kanskje er litt meir vedvarande, seier forskar og psykolog Ragnhild Bang Nes .
For om lag 17 år sidan kom ho som nesten nyutdanna psykolog, over eit doktorgradsprosjekt, der ein skulle forske på lykke. Den gongen handla det om genar hadde noko å seie for kor gode odds ein har for å vere lykkeleg.
Etter det har ho halde fram å forske på lykke i forskjellige former.