«Som leiar treng eg å vite at eg er underlagt ei styre som er gitt tillit gjennom ei generalforsamling, og vi kan når som helst bli kravd innsyn i tenesta vi står i», skriv Erik Furnes (biletet).
Stein Gudvangen, KPK
Kristent leiarskap i ei reell verd
Dette er ikkje ein kritikk av Misjon Sarepta sitt leiarskap, men eg trur ikkje den valde styringsmodellen er sunn over tid.
Eg er gjort merksam på artikkelen «Åndeleg styring og demokrati» av Johannes Kleppa som stod i Dagen for ei tid tilbake (26/8).
Den er skrive på bakgrunn av debatten om eventuell samanslåing av Norges Samemisjon og Misjon Sarepta, men også med bakgrunn i eit synspunkt eg hadde om lærdommar frå Knutby som eg hadde framme i Dagen i sommar (29/7).
Under stikkorda «Selvoppnevnt og selvsupplerende ledelse» nemnde eg at åndeleg leiarskap og tilsyn er heilt sentralt i kristne organisasjonar, kyrkjesamfunn og forsamlingar, og at det må vere «åpenhet og gjennomsiktighet om alle valg og disposisjoner».