YANGON: Tusenvis av unge som starta som fredelege demonstrantar, har no søkt våpentrening hos væpna grupper i etnisk kontrollerte område.

Gøymer folk som juntaen jaktar

Dei gøymer over 80 aktivistar som hæren vil ha tak i. Våre partnarar i Myanmar ber om forbøn for landet og for dei som grip til våpen mot juntaen.

Brutaliteten som hæren i Myanmar har vist etter kuppet, skakar oss. Vi i Stefanusalliansen får opprørande meldingar frå vener og partnarar.

To som har våre vener og partnarar i tiår, sender foto av opprørsstyrkar i gatene utanfor vindaugo i storbyen Yangon. Sjølve har dei to sikra gøymestad for mange titals menneske som hæren er på jakt etter. Fleire ønskjer vern.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei som gøymer seg, er folk som deltek i landsomfattande sivil ulydnad for å lamma statsapparatet som hæren brukar for å knusa motstand. Av omsyn til dei som gøymer seg, kan vi ikkje fortelja identiteten til venene våre.

Venene er opprørte. Over raid og arrestasjonar og over snikskyttarar som rettar våpen mot sivile for drepa, også barn. Dei har sjølve hatt nære slektningar inne til avhøyr. Dei ropar varsku om at millionar er truga av svolt.

Venene våre står sjølve midt i eit arbeid for å sikra 1000 familiar mat. I mange distrikt i Yangon og andre byar er det svært vanskeleg å koma til, på grunn av unntakstilstand og massive kontrollar. Men venene våre har måtar å nå fram på.

Desse venene seier at dei aldri har sett slik brutalitet i landet. Dei brukar ord også som «åndeleg krigføring» fordi dei er overtydde om at nokre få, ytterleggåande buddhistiske munkar gir støtte til hæren i valdsbruken.

Ytterleggåande buddhistiske og nasjonalistiske munkar har lenge støtta hæren i angrep på dei hovudsakleg muslimske rohingyane. Det er ei hatefull form for religiøs nasjonalisme der minoritetar ikkje har plass.

No er nærast eit heilt folk under angrep. Folk er på flukt frå byane. Mange dreg ut i jungelen. Andre søkjer mot Thailand og India.

Venene våre ber om fleire sanksjonar mot generalane. Dei er fortvilte over at Kina og Russland sel våpen som generalane kan bruka mot folket. Venene våre støttar kravet om at Tryggingsrådet skal vedta ei flyforbodssone som kan stogga bombetokta over to delstatar med minoritetsfolk – Karen og Kachin.

I Karen-staten gøymer ein annan god kontakt, Nickey Diamond, seg. Gjennom menneskerettsorganisasjonen Fortify Rights har han avdekt hærens overgrep mot rohingya-folket.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter kuppet gjekk han, kona og to små barn i dekning i Yangon. Men venene hans i hæren varsla Diamond om at hæren leita gjennom nabolaget. Dei måtte koma seg unna og flykta til grenseelva mot Thailand.

Bombetoktene nord i Karen-staten er meinte å ramma den væpna etniske gruppa blant karen-folket. Diamond og andre har grave bomberom, mange mil lengre sør. Men kvar gong hæren sender dronane sine, søkjer dei ly. Diamond meiner generalane angrip sivile for å skremma folk frå å støtta opprørsgruppa – og skapa ei humanitær krise som vil gjera folk opptekne av å overleva og ikkje bry seg om kuppet.

Tusenvis av unge som starta som fredelege demonstrantar, har no søkt våpentrening hos væpna grupper i etnisk kontrollerte område.

Menneskerettsaktivisten som også har hatt norsk stipend for å skaffa kunnskap til kampen for demokrati, har vore mot vald. Men no har han skifta syn. «Hæren har kryssa ei line ved å skyta mot sivile, for å drepa. Vi har rett til å forsvara oss», seier Diamond i eit videointervju.

I Yangon sit veneparet med si fortviling. Nokre titals av dei som fekk gøymestad, har bakgrunn frå hæren og politiet. Dei har no valt å forlata gøymestaden for å gå saman med etniske væpna grupper for å forsvara folket med våpen.

Om dei mange unge demonstrantane som også har oppsøkt våpentrening, seier dei: «Generasjon Z opplever at dei difor sjølve må stå opp mot diktatorane. Det gir meining. Så vi må støtta dei i bøn.»

Til oss er appellen: «Be for oss. Be om at dette må ta slutt. Situasjonen er ikkje til å bera. Be om tilgang på mat og vatn. Be om at det ikkje blir meir spille av blod og fleire drap.» Dei legg til:

«Mange har mista håpet. Vi som trur på Gud, har lovnader og håp.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Nødrop mot Myanmars generaler
Les også
Sivilsamfunn i frontlinjen
Les også
Oljefondet kaster ut to israelske selskaper