INNANDØRS: Suel Kassembo er takksam for at sokneprest Solfrid Leinebø Seljås og resten av kyrkjelyden har teke imot han.
Tore Hjalmar Sævik
Muslimske Suel bur heile påska i Herøy kyrkje
Snart tre månader er gått sidan Suel Kassembo gjekk i kyrkjeasyl. Dagane er lange i påvente av ankesak om utsending frå Noreg.
Vårsola strålar over kystlandskapet på Sunnmøre, men i kjellaren på Herøy kyrkje sit ein mann som ikkje vågar seg ut under den blå himmelen.
– Det er veldig spesielt å bu her. Og i tillegg er det ramadan og dermed faste, seier Suel Kassembo (35) på sunnmørsdialekt.
Han opplever at kyrkjelyden har teke svært godt imot han.