VALSIGER: Den komande meksikanske presidenten Claudia Sheinbaum på veg bort frå røystelokalet på søndag.

Mexicos første kvinnelege president er jødisk

Klimaforskaren Claudia Sheinbaum har tidlegare vore borgarmeister i Mexico City.

Over 200 år etter at Mexico vart sjølvstendig, er ho første kvinne som får det fremste embetet i landet.

78 prosent av befolkninga er katolikkar. Det gjer at landet er det største katolske landet på det vestlege halvkula, melder religionunplugged.com.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Rundt 40.000 av meksikanarane er jødar. Dei fleste av desse bur i hovudstaden.

Besteforeldra emigrerte

I valkampen har ikkje den jødiske identiteten til Sheinbaum vore eit stort tema. Ho har lagt vekt på kriminalitet og innvandring, men det har vore døme på antisemittiske ytringar om henne, ifølgje den amerikanske nettavisa.

Sjølv om ho er den første kvinna som blir meksikansk president, er ho ikkje den første med jødisk bakgrunn. Det same galdt Salinas de Gortari and Plutarco Elías Calle.

Sheinbaum har ikkje lagt skjul på at begge foreldra hennar var jødiske, men at dei var sekulære. Det gjeld for dei fleste jødane i Mexico.

Besteforeldra på farssida emigrerte frå Litauen i 1920. Besteforeldra på morssida emigrerte frå Bulgaria under andre verdskrigen.

Ho vert innsett som president 1. oktober i år.