FAVORITT: Halvor Nordhaug er praktikumsrektor ved Menighetsfakultetet og er ein klar favoritt som ny biskop i Møre bispedømme.
Foto: Scanpix
Kyrkjelydane vil ha Nordhaug som ny Møre-biskop
Halvor Nordhaug er ein klar favoritt som ny biskop i Møre bispedøme. Han har fått heile 56 prosent av førstestemmene frå sokneråda i Møre og Romsdal fylke.
– Bispenominasjon er ein prosess i kyrkja, men frå NLM si side ønskjer vi for Guds rike sin del at det blir ein biskop som står for det klassiske kristendomssynet. Det seier krinssekretær Kåre Lid i Sunnmøre og Romsdal krins av Misjonssambandet.
Lid vil ikkje seie noko meir om den aktuelle prosessen, eller om kandidatane.
Ei rundspørjing NRK Møre og Romsdal har gjort hjå alle sokneråda, viser at praktikumsrektoren på Menighetsfakultetet har fått 56 prosent som førstekandidat. Deretter kjem leiar av presteforeininga Ingeborg Synnøve Midttømme, med 26 prosent, domprost Øystein Bjørdal med ni prosent, sokneprest Berit Øksnes fem prosent og prost Bjarne Olaf Weider med tre prosent.
Fylkeslaget av Norges KFUK-KFUM har ikkje drøfta saka i styret.
Nordhaugs veremåte
– Men for meg personleg som har følgt debatten og kjenner litt til kandidatane, har eg enda med å gå inn for Halvor Nordhaug. Eg har stor tillit til han, til synspunkta hans, til den måten han argumenterer på, er på og forkynner på, seier krinsleiar Marit Gaustad.
Ho presiserer at det er fleire andre gode og tillitvekkjande kandidatar, men at ho kjenner særleg Nordhaug, mellom anna frå KFUK-KFUM-leirar på Risøya.
– Mitt høgste ønskje er at vi får ein tydeleg og offensiv leiar for kyrkja. Ein leiar som vågar å seie ja når det skal seiast ja, og nei når det skal seiast nei, seier Gaustad.
– Bør vere konservativ
Krinssekretær i Sunnmøre Indremisjon, Erik Furnes, har sjølv meldt seg ut av statskyrkja, men håpar at bispedømet får ein konservativ biskop.
– Det er nokre få møtepunkt mellom kyrkja og indremisjonen, så det er ikkje utan betydning for oss kven som blir biskop. Rundt om kring i bedehuslandskapet vårt er det framleis mange som har ei sterk tilknyting til Den norske kyrkje og som har faste band til kyrkja både lokalt og sentralt.
Furnes er ikkje overraska over at Nordhaug kom på topp hjå sokneråda. Krinssekretæren seier at han ikkje veit så mykje om bispekandidatane, men at han har inntrykk av at Nordhaug er ein god kandidat.
Frelse og fortaping
– Det at kandidatar har det gamle synet på homofilt samliv, treng ikkje vere det same som at dei er konservative, for lærespørsmåla er mykje vidare enn dette temaet. Og eg registerer med uro signal som har kome når det gjeld kandidatane sitt syn på livets to utgangar, seier Furnes.
I følgje NRK er det ingen av bispekandidatane som seier at dei trur på helvete som ein stad med evig fysisk pine. Nordhaug meiner det handlar meir om eksistensiell pine borte frå Gud enn fysisk pine.