PERSONLEG: Korleis menneske lever i nære relasjonar er eit gjennomgangstema for forfattar Laura Djupvik. Foto: Tor Weibye
Tor Weibye
Eit forsvar for bygdeoriginalen
Med eit knippe forteljingar vil forfattar Laura Djupvik auke forståinga for menneske som må kjempe ekstra for å meistre ein ordinær kvardag.
«No fær huset» er tittelen på den ferske novellesamlinga som er utgitt av Samlaget.
Den utflytta sunnmøringen Laura Djupvik har tidlegare skrive tre romanar for vaksne og fleire barnebøker. Ein fellesnemnar gjennom forfattarskapet er korleis menneske lever i nære relasjonar.
– Når eg no har laga ei samling med forteljingar, gir det sjansar til å sjå ting frå mange ulike sider og perspektiv, seier Djupvik som i dag bur med familien i Lier.