MISJON: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar.» (Matt 28,18–19) Dette er orda me kjenner som misjonsbodet eller misjonsbefalinga, skriv Olav Vestbøstad.

Vidare med evangeliet

«Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar.» (Matt 28,18–19) Dette er orda me kjenner som misjonsbodet eller misjonsbefalinga.

Les også
Bruk talenta dine!

Gjennom kyrkjehistoria har desse orda vorte følgde på ulikt vis. Frå den fyrste kristne tida kjenner me til korleis Paulus reiste rundt i dagens Tyrkia og Hellas og planta kyrkjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter kvart fekk munkerørsla mykje å seie for å bringe evangeliet nordover i Europa, også til Norge. På 1800-talet vaks den protestantiske misjonsselskapsmodellen fram etter modell av The Baptist Missionary Society som William Carey starta i 1792. I dag finn me kristne over store delar av verda. Likevel er det den dag i dag fleire milliardar menneske som aldri har høyrt evangeliet på ein måte som dei kan forstå.

Ved starten av eit nytt år er det naturleg å tenkje gjennom kva mål ein har for året som ligg framom. Også for misjonsarbeidet må me planleggja, sjølv om det også i 2022 gjeld at me menneske kan arbeide og planleggje, men det er Gud som gjev vekst. Uansett må me gjere opp status ved å sjå på kva mål me har for tenesta og vurdere kva me kan gjere med dei ressursane me har tilgjengelege.

Les også
Omvendt ein gong for alle?

Ei av dei store utfordringane er å finne ut når det er tid for å gå vidare. Når skal ein starte opp eit nytt arbeid?

Det er alltid udekte behov der me er. Ifølgje Joshua Project går mindre enn 1 prosent av alle pengar som blir samla inn blant kristne til å plante kyrkjer blant dei unådde. Statistikken fortel også at berre 1 av 10 misjonærar arbeider blant dei minst nådde. Dei ni andre står sannsynlegvis også i viktige oppgåver. Det er likevel grunn til å spørje om prioriteringa er rett.

Ralph D. Winter (1924–2009) var ein amerikansk misjonær og misjonsforskar. Presentasjonen han hadde under den store misjonskonferansen i Lausanne i Sveits i 1974 var med på å skifte fokuset i misjonsarbeidet frå politiske land og grenser til folkegrupper.

Winter påstod at for at misjonsoppdraget skulle gå vidare, måtte ein ha både kyrkjer og misjonsorganisasjonar. Kyrkja skal vera inkluderande og har eit lokalt sikte som ynskjer å inkludere alle, både menn og kvinner, unge og gamle. I tillegg er det også nødvendig å ha ein annan type struktur som tenkjer utover og som har eit smalare fokus.

Samspelet mellom Paulus og hans misjonsteam og dei lokale kyrkjelydane i Antiokia og Jerusalem er døme på dette. Ein må ha eit pastoralt fokus lokalt og så må ein ha utsendingar, apostlar (gr.) og misjonærar (lat.), som går vidare til nye område. I samspelet mellom desse blir misjonsoppdraget fullført.

Ei av dei store utfordringane er å finne ut når det er tid for å gå vidare. Når skal ein starte opp eit nytt arbeid?

Winter påstår at ein av grunnane til at dei protestantiske kyrkjene i starten var så dårlege til å drive misjon, var at dei hadde avvist klosterstrukturen i den katolske kyrkja og samstundes også avvist alle slike para-kyrkjelege konsept. Fyrst med misjonsselskapa på William Carey si tid fekk ein oppretta ein tenleg organisasjonsstruktur for misjonsverksemd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Winter kritiserer også misjonsselskapa for at dei berre planta kyrkjer og ikkje tenkte på å forme strukturar som skulle ha misjonsfokus. Det er difor slik at mange av dei protestantiske misjonskyrkjene som er planta av vestlege misjonærar i liten grad har vore misjonsfokuserte. Heldigvis har det også blant desse vakse fram initiativ og strukturar som gjer at det i dag er slik at ein finn mange av dei mest dynamiske misjonsmiljøa i det globale sør.

Også i norsk misjon står me i fare for å gro fast der me er. Den pastorale omsorga kan krevje alle våre ressursar. Det er mange uløyste oppgåver. I ei nyplanta kyrkje er det mange utfordringar og mykje som kallar på vår merksemd.

Midt i alt dette må me ikkje gløyme å prioritere ressursar til dei som ikkje ropar. Ressursane kan vere både pengar og personar. Bodskapen frå Ralph D. Winter kan hjelpe oss til å halde fast på dette.

Me må ha to tankar i hovudet samstundes ved å leggje til rette for to ulike strukturar. Det skal drivast eit lokalt, pastoralt arbeid som prøver å inkludere alle, både unge og eldre.

Samstundes må me også sikre oss at engasjementet for å gå vidare til dei som enno ikkje har fått del i evangeliet er levande og ha ein struktur for dette. I eit foredrag Winter hadde i Sør-Korea i 1973 seier Winter følgjande: Desse to strukturane skal arbeide saman i harmoni for å fullføre misjonsbefalinga og for å oppfylle det Gud ynskjer i vår tid.