Johannes Kleppa.

Pinse og Anden – misjon og profeti

Frå Anden kom pinsedag går det ei bein line til evangeliets gang til endane av jorda og Jesu atterkome, skriv Johannes Kleppa.

Pinsehøgtida ber i seg mange viktig moment for kristen tru, lære og teneste. Slik er det fordi Anden og Andens kome til jorda er sentral i alt som har med kristendom å gjera.

Anden har særleg funksjonen som vitne og talsmann. Han skal vitna om meg, seier Jesus, og med det er vi i sentrum både av pinse og Andens gjerning.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det har lett for at det vert usemje om det som har med pinse og Anden å gjera, spesielt Andens gjerning og Andens gåver. Opp gjennom kyrkjehistoria er det mange lærepunkt det har vore ulike oppfatningar av, og som har ført til ulike kyrkjesamfunn.

Langt på veg var det semje om Andens person og gjerning til vi fekk den nye læra om Andens dåp ved pinserørsla for vel hundre år sidan. På ein måte knytte den nye læra om åndsdåpen til metodismens lære om «den andre velsigninga», ved at begge delar er eit lærepunkt og ei erfaring som plasserer seg etter rettferdiggjeringa og gjev noko nytt til den kristne.

Fokuset er likevel forskjellig ved at det er helginga som er det andre brennpunktet i metodismen, medan poenget med åndsdåpen er åndsutrustning og nådegåver.

Karismatikken har teke opp i seg noko både frå metodismen og pinserørsla på dette punktet, slik at det ofte, men gjerne på ein diffus måte, vert noko den kristne må få tak i ut over det som ligg i syndstilgjevinga og barnekåret.

Dette «tillegget» er gjerne knytt til nådegåvene, og då ut frå ei ny forståing som har kome dei siste 40-50 åra når det gjeld spesielle nådegåver – særleg den profetiske gåva. Det skaper stadig forvirring og kløyving.

I fjor oppstod det ein strid under Oase ved at Kari Holmås i ein bibeltime kritisert det ho kallar «profetier på bestilling».

Denne saka blussar no oppatt med tanke på sommarens Oase. Den typen «profetiar» som det her er snakk om, har vorte heller vanleg i ulike samanhengar og går saman med ei nokså frimodig – for ikkje å seia lettsindig – forbønsteneste.

Dette er eit døme på ei ny forståing av den profetiske nådegåva. Det er også eit uttrykk for ei tyngdepunktforskyving frå Ordet og forkynninga til konkrete handlingar og forbøn. Profetisk tale er tradisjonelt forstått som ei forkynnarteneste der Ordet med særleg åndskraft vert aktualisert slik at dei som høyrer, kjem til sann syndserkjenning og derifrå til sann evangelieoppleving.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ut frå at Anden skal vitna om Jesus og herleggjera han, slik Jesus understrekar i avskilstalen sin, er Andens oppgåve i første rekkje forkynning og misjon. Han tek av mitt og forkynner dykk, sa Jesus til læresveinane.

Jesus sa også at dei skulle venta i Jerusalem på pinsehendinga, og då Anden kom, skulle dei få kraft til å vitna om Jesus. Andens gjerning og kraft står altså på særleg måte i vitnemålet si teneste, og med det i misjonens teneste.

Frå Anden kom pinsedag går det ei bein line til evangeliets gang til endane av jorda og Jesu atterkome.

"

Langt på veg var det semje om Andens person og gjerning til vi fekk den nye læra om Andens dåp ved pinserørsla for vel hundre år sidan.

Les også
Pinsen – den glemte høytidPinse
Les også
Varmt pinsestevne i JudafjellenePinsestevne Israel
Les også
Oase-ledelsen smetter unna
Les også
Samlet Oase-lederskap støtter utestengelseProfetistriden i Oase
Les også
SommerOase stenger kritiker uteProfetistriden i Oase