Synspunkt
DIGITALT: Digitale gudstenester er komne for å bli, men dei er ikkje gode til å byggja lokale fellesskap.
Adobe Stock
Kyrkjefolk som ikkje vender tilbake
Kjem vi tilbake? Eller viste pandemien for fleire enn før at fellesskapet i kyrkja ikkje er viktig for dei?
Ved inngangen til haustsemesteret 2021 har mange norske kyrkjelydar vendt tilbake til vanleg drift – med varierande avstandsreglar og handsprit i våpenhuset.
Men det er ikkje berre å oppdatera semesterprogrammet frå hausten 2019. Halvtanna år med unntakstilstand er lenge. Mykje blir sikkert bra igjen. Men mangt blir garantert ikkje som før.
Pandemien tvinga kyrkjestabar til å spreia digitale gudstenester på Facebook og YouTube. Læringskurva var bratt. I den første fasen oppdaga dei at dei nådde langt fleire på denne måten.