Frispark
LOJALITET OG OPTIMISME: Solsikka er Ukrainas nasjonalblom. Blomen er karakterisert ved å strekke seg mot sola om dagen. Blomen står for lojalitet og optimisme, skriv Kjersti Toppe.
Frank May / NTB
Kjersti Toppe: Solsikketårer for Ukraina
Det er krig i Europa. Vi står i ei ny tid. Det russiske angrepet på Ukraina er eit angrep på demokratiet. Dette angår også norsk sikkerheit.
Russland fører ein brutal krig som rammar folk i Ukraina hardt. Sivilbefolkning skal ikkje vere militære mål og skal ikkje angripast. Likevel blir det rapportert om nettopp det.
Angrep på sjukehus, skular, sivile heimar og kritisk sivil infrastruktur i Ukraina. Vi les om bruk av klaseammunisjon, som er ekstra ille fordi det er våpen med stor spreiingsevne som i mindre grad skil mellom uskyldige sivile og militære mål. Noreg fordømmer på det sterkaste Russland sine brutale krigshandlingar.