Forfatter Hallgrim Berg spør: «Meiner våre media, våre korps av kommentatorar og folkevalde at islam har ikkje noko med islam å gjera?» Foto: Tor Weibye

Har ikkje islam med islam å gjera?

Meiner våre media, våre korps av kommentatorar og folkevalde at islam har ikkje noko med islam å gjera?

Forfatter Hallgrim Berg spør: «Meiner våre media, våre korps av kommentatorar og folkevalde at islam har ikkje noko med islam å gjera?»

Eg møter dagstøtt folk som spør: Har det klikka for norske media? Og for Vestens statsleiarar? Har dei alle bestemt seg for å lyge i von om å dempe gemyttane? Anten det gjeld framstilling av grufull krig, terror, trakassering, forfølging, skyting, drap og halshogging av jødar og kristne, har det ikkje noko med islam å gjera!

Dei islamistiske aksjonane går føre seg under konstant gauling og rop om Allahu akbar . Dei lovprisar Allah. Det har visst ikkje noko med saka å gjera. Om islamistiske kamprørsler opprettar nye kalifat i Irak og Syria eller i Libya og Nigeria, og grunngjev kamphandlingane med intens vilje til islamsk fundamentalisme, religiøs reinleik og atterføding av den islamske sivilisasjonens gloriøse fortid, så er islam sjølv irrelevant?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Meiner våre media, våre korps av kommentatorar og folkevalde at islam har ikkje noko med islam å gjera? På rad og rekke heiter det, frå Obama, Cameron og Merkel, Solberg og Brende, Støre og Tajik, kvar gong nye terroraksjonar og mordarbandar har vore i sving: «Det er viktig å streke under at desse forferdelege drapa ikkje har noko med islam å gjera! Religionen blir berre misbrukt.»

Då må ein kunne spørja: Korleis kan dei vyrde politikarane vite det? Har dei nemnde eksellensane gått på koranskule, eller har dei kanskje drivi med private og hemmelege koranstudiar i næraste moske på nattetid? Og har dei der hoppa over alle versa i koranen og hadith som beinveges oppfordrar til vald, drap og slakting?

No heiter det: Me må forstå rotlause ungdomar, og finne botemiddel mot deira ekstremisme og radikalisering. (Ordet islamisering blir alltid unngått). Dei militante muslimane må i grunnen unnskyldast, fordi dei er audmjuka av historia om vestlege makters kolonialisme. Det er tungt for dei at det plagsame Israel og jødane får leva, med hjelp frå USA (Vesle-Satan får støtte frå Store-Satan!).

Det er fælt, men i Vesten går ytringsfridomen så langt at folk kan få seia meiningane sine utan å bli arresterte, ja, så langt at dei kan teikne karikaturar av Profeten.

Og like gale: Kvinnene i Vesten kan kle av og på seg som dei vil, søkjer utdanning, og kan til og med få seg førarkort.

Unge menn, som har slutta seg til IS i krigen, må hjelpast. Dei lyt straks få hjelp med rettleiing og rehabilitering så snart dei dukkar opp att i Europa.

Hadja Tajik har lansert ei rørande oppskrift: Kommunane må få seg tildelt ei handbok om islam og få tilført nok pengar frå staten til å kunne ta godt imot dei returnerte krigarane og integrere dei med ein koran. Mona Sahlin og Høgre-byrådet i Oslo vil jamvel lova fritt hus og garantert arbeid.

Men når skuld og ansvar verkeleg skal tåkeleggjast, og islam skal orsakast, kjem den same gamle leksa: «Husk at vi gjennom kristendommen har vært like religiøst fanatiske og voldelige selv; husk heksebrenningene, korstogene, inkvisisjonen…» For eit ynkeleg forsøk på parallellføring!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I praksis seier ein då: Me må setja strek over 2015 og det 21. hundreåret, og vente nokre hundre år før det kan bli von om religiøs og politisk harmoni mellom alle folkegrupper i våre samfunn. I ein overgangsperiode (300 år?) må me rekne med terroraksjonar og finne oss i dette som ein del av livet…

Det er pinleg at vår statsminister, på norsk fjernsyn, brukar heksebrenningane, SV sitt gamle trumfkort, når vårt eige samfunn skal gjevast dårleg samvit for vår eigen historie og kultur. Å vera like ille som andre, er likesom eit grunnlag for dialog?

Sjølvpiskinga gjekk ei tid så langt at det i PAX leksikon i 1979, bind 3, side 52, vart hevda at «mellom 9 og 30 millionar, for det aller meste kvinner, vart gjennom to hundre år torturerte eller drepne, kan hende den største menneskejakta verda hadde sett…» Det faktiske talet, så langt Brian P. Levack har funne ut i Witch-Hunting in Early Modern Europe, var 0.04 million, altså låge promilletal jamført med eksessane på islamsk side.

Dersom ein summerer dei tre kategoriane krossferder, inkvisisjon og heksebrenningar, kjem ein i soga totalt oppunder 200.000 drepne i kristendomens namn. Det er tal som bleiknar mot den jihadismen, med sine islamsk inspirerte nedslaktingar gjennom hundreåra. Summerer ein dei store tala her, er forskarar komne til over 200 millionar døde. For den som kan rekne, er 200 millionar eitt tusen gonger meir enn 200.000. Å seia ting som dei er, kan vera tungt for mange.

Pensjonert Lt. Gen. Michael Flynn Friday, tidlegare militær etterretningssjef i Obama-administrasjonen, har reagert på at også i USA er det blitt offisiell politikk at islam ikkje skal nemnast i samanheng med valdelege hendingar. Uttrykket «militante islamistar» skal vera tabu, sjølv når det gjeld eksistensielle trugsmål.

Som generalen sa: You cannot defeat an enemy you do not admit exists. (Du kan ikkje nedkjempe ein fiende som du ikkje vil vedgå eksisterer).

Les også
Hussain: Profet-hån skal straffes med døden
Les også
Er det viktig å hetse muslimer?
Les også
En dag ved julegryta
Les også
Begynnelsen og enden
Les også
Souvenirbutikken som låser turistene inne
Les også
Jakten på en fredspartner