MUHAMMED: «Meiner og vil journalistar og sekulariserte kyrkjefolk i dag at Jesus, Muhammed og Buddha alle er ideelle sosialdemokratar til kvardags?» spør Hallgrim Berg. Foto: Lise Åserud / NTB

Gud og Allah i søt kappestrid?

Kva skal ein vanleg kyrkjegjengar i desse tider meine om den religiøse sviskekompotten som no blir servert?

Mange spør: Kvifor blir fjernsynsprogram teksta med Gud når det er tale om Allah?

Frå dramatiske situasjonar rundt i verda høyrer me stadig muslimar som ropar «Allahu Akbar». Men i omsetjinga står det at Gud er stor.

Det er mange politisk overstyrte som i dag gjerne vil at kristendomens Gud og Koranens Allah skal vera den same. Det er likesom så greitt når alt er hipp som happ. Då vert det mindre konflikt, mindre bry og bortheft.

Teaterframsyninga Abrahams barn har ein tidstypisk bodskap: Det er ikkje nemnande skilnad på jødedom, kristendom og islam.

Det er dei same forteljingane me alle vedkjenner oss, berre i noko ulike utgåver. Me må i dag bygge ned grensene mellom dei, ikkje vera så strie og påståelege.

Me er jo brør, vil alle det same, ha eit harmonisk og fredeleg tilvære, men har berre litt forskjellige måtar å arbeide på for å nå desse måla. Trass alt, det er den same guden me tilber!

Ja visst? Det finst utan tvil fellestrekk mellom kristendom og islam, nok samtalepunkt til ein spanande dialog. Men har dei to verkeleg den same guden? Den same guddomen?

Eg spurde for nokre år sidan biskopen min, Laila Riksaasen Dahl, til råds om den gjengse samanblandinga av Gud og Allah. Svaret kom med ein gong:

«En filosofisk tilnærming som definerer Gud som er utenfor tiden, altets skaper osv. vil islam og kristendommen stemme overens. Teologisk sagt, legger vi mye av det samme i første trosartikkel, men i tillegg har jo vi annen og tredje trosartikkel som videre definerer Gud. Med ‹Gud› mener vi kristne den treenige Gud, altså helt klart noe annet enn det islam legger i ‹Allah›. Vår Gud er altså ikke den samme som Allah.»

Ho legg til at når norsk fjernsyn omset «Allah» med «Gud», kan det henge saman med at desse orda på ein måte er både eigennamn og fellesnamn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Misjonæren Inge Bjørnevoll og forfattaren Torbjørn Greipsland er inne på dette i Dagen nyleg; Allah og Gud er ikkje identiske. Og absolutt ikkje når det er snakk om «Gud» (med stor førebokstav).

Filologisk er Allah ei forkorting av det gamle namnet Al-Ilah. Dette Al-Ilah var det arabiske namnet på måneguden.

Dersom Allah har eintydige kjenneteikn som ikkje samsvarar med vår eigen Gud, kan det ikkje vera rett å skrive fjernsynsteksten på den måten det blir gjort.

Islam er «nær» kristendomen, likevel uendeleg fjern. Jesus er ikkje Guds son, ikkje krossfest, ikkje frelsar. Koranen nektar for den tre-einige Gud. Skilnadene er mange og slåande: Gud tilbyr frelse til fortapte syndarar, noko Allah ikkje gjer.

Allah gjer heller ikkje noko i nåde, men løner berre gode gjerningar. Bibelen seier at Gud er vilkårslaus kjærleik. I Koranen er det ikkje kjærleik å få, unnateke når du går i krigen for Allah.

Kva slags gud er det som blir påkalla ved bombesprengingar i Syria, rakettutskytingar frå Gaza eller ved brenning av kyrkjer i Nigeria?

Me skriv 2021. Me er blitt så kloke og tolerante, ja, så moderne!

Kva med revisjon av alderdomlege og «gamaltestamentlege» haldningar? Koranen har ikkje noko Nytestamente eller nokon som framstår som Frelsar og Frigjerar for mennesket.

Det er berre tale om å underkaste seg. Ordet islam tyder i seg sjølv «submission», underkasting. (Les M. Houellebecq om Frankrikes nære framtid!).

Er Allah og Gud etter kvart blitt identiske?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Nei, sa professor Aksel Valen-Senstad: «Allah er en annen gud, en annen eksistens.»

Påstanden om at muslimar og kristne trur på same Gud, karakteriserte Valen-Senstad som «overfladisk tilnærming og religiøst løsprat uten substans».

Kva skal ein vanleg kyrkjegjengar i desse tider meine om den religiøse sviskekompotten som no blir servert?

Kan ein spørja om styrande makter, lærestader og leiande media har som bevisst politikk å ville vatne ut skilnader mellom religionane for å gjera dei like «akseptable» (les: ufarlege).

Meiner og vil journalistar og sekulariserte kyrkjefolk i dag at Jesus, Muhammed og Buddha alle er ideelle sosialdemokratar til kvardags?