ARGUMENTASJON: Den kloke og sterke argumentasjonen må vera vårt aller viktigaste våpen. Svulstig propaganda tener derimot til lite. Sakleg og respektfull argumentasjon med tydelege premisser er løysinga og det beste svaret, skriv Karl Johan Hallaråker.

«Gud har ein plan med ditt liv»

Eg vil uttrykkja omsorg for homofile og lesbiske og alle deira. Vi som ikkje har det tett inn på livet, bør minnast om å uttrykka oss som om dei var nær oss. Då talar vi truleg meir varleg. Ingen skal dømast eller krenkast for sin seksuelle legning.

«Kristendommen gav verden et nytt menneskesyn,» skreiv politisk redaktør i VG i januar d.å. Utsegna var tydeleg godt meint, men treng ei presisering. Dette menneskesynet har vi frå vår felles jødiske og kristne arv.

Det er i Bibelen vi har dette unike menneskesynet. Gud skapte mennesket i sitt bilete. 1Mos.1.27. Det judeo-kristne menneskesynet skil seg frå alle ismers graderte menneskesyn. Alle har likeverd – frå dei er avla i mors liv til ein naturleg død. I dag er det uhyggeleg lovverk der det mest sårbare barnet – i mors liv – er både verjelaust og rettslaust. Presset om å overta Guds plass gjeld også avslutninga av livet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette er ikkje å trakka på vanskelegstilte kvinner. Dei skal få hjelp både til ikkje å bli gravide og til å bera fram barnet. Både kvinner og born treng livshjelp og ikkje dødshjelp. Det er ein rettsstat verdig.

Hugsa de talen til jenta med Downs syndrom, Marte Wexelsen Goksøyr i grunnlovsjubileet frå Eidsvoll i fjor? Ho tala om alle sin livsrett og avslutta med å la det runga ut over forsamlinga med kongehus, stortingspresident og statsminister: «Jeg vil leve.» «Jeg vil leve.» Det ropet og å gje stemme til det tause skriket må aldri bli borte hos oss. (Sjølv om det frisinna (!) Dagbladet ville stoppa henne.)

Det første menneskelege fellesskapet møter vi i 1Mos. 2.18: Gud skapte mennesket som mann og kvinne (som «mannleg og kvinneleg»). «Kjønnspolariteten er med og konstituerer ekteskapet,» sa bispemøtet med rette for ein del år sidan. Tenk om dei nåverande var like vise!

Ekteskapet er Guds innstifta ordning for samlivet mellom mann og kvinne. Jesus stadfestar det skaparkapitla seier i GT: Mark. 10:6–9: «Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne. Difor skal mannen forlata far sin og mor si, og halda fast ved kvinna (kona) si, og dei to skal vera ein kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er ein kropp. Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.» Jfr 1Mos.2:24.

Ekteskapet er også verna med di det er teke inn i dei ti boda både i omtalen av foreldra (far og mor) i det fjerde bodet og direkte i det sjette: Du skal ikkje bryta ekteskapet = Du skal ikkje driva hor.

Når dei eldre av oss gjekk i barneskulen, lærde vi at ekteskapet – mellom mann og kvinne – var sjølve urcella i oppbygginga av familien, samfunnet og fellesskapet mellom menneske. Guds skaparordning har ikkje datostempel!

Det neste fellesskapet er fellesskapet mellom foreldre og born – mor-far-barn. Dette fellesskapet treng styrkast i vårt land. Vi har denne veka i samband med NRKs fokus på skilsmisse, fått høyra dei rystande tala om at 80 born dagleg opplever dette problemet. Smerten må driva kyrkje og samfunn til auka familievern og styrke av heimane våre.

Foreldreretten står sterkt både i Bibelen og Menneskerettane. Barnekonvensjonen (7.1) gjer det tindrande klart at borna har rett til ei mor og ein far, og at det er foreldra som har retten til å oppdra born sine. Dei som på sosialistisk hald og i andre ideologiar svekker foreldreretten, burde ta seg tid til å studera dokument frå Andre verdskrigen. Nazidepartementet sende ut eit skriv 17. februar 1942 som sa: «Staten har den høyeste makt over hver enkelt borger.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fedrane bak Kyrkjas Grunn svara med myndig røyst: «Kirken har ikke noe med å være herre over staten i timelige ting. Dette vil være brudd på Guds ordninger. På samme måte er det synd mot Gud om staten gir seg hen til å tyrannisere sjelene, og vil bestemme over hva de skal tro, mene, og kjenne som samvittighetsplikt. For om staten vil tvinge og binde sjelene i overbevisningssaker, da kommer derav ikke annet enn samvittighetsnød, urett og forfølgelse. Da blir dommen i Guds ord aktuell: at hvor staten skiller lag med retten, der blir staten ikke Guds redskap, men en demonisk makt.» Dette er aktuelt materiale både i spørsmål om foreldremandat, barneoppseding og samvitsspørsmål i det heile.

Hustavlene i Bibelen er fyrlys som rettleier ektefeller, foreldre og born om korleis dei skal leva med kvarandre i kjærleik, gjensidig underordning/innordning og lydnad. Vi veit at dette – særleg underordningspoenget – har blitt misbrukt opp gjennom historia. Både i haldningar i samfunnet generelt og i den kristne kyrkja har vi diverre sett mørke spor på dette feltet. Beste måten med motgift er ikkje å neglisjera Guds gode vilje, men det er heller å løfta ideala i hustavlene og at kvar tek det rette ordet til seg i staden for å bruka ord retta til andre som maktmiddel til eiga vinning. Eg erkjenner gjerne at verdikonservative leiarar har eit ekstra ansvar for å løfta fram kvinners likeverd både i kyrkje og samfunn.

Det store spørsmålet i vår tid er om ekteskapsvigsla skal vera mellom mann og kvinne eller også inkludera samkjønna par. Korleis bør vi førehalda oss?

For det første vil eg uttrykkja omsorg for homofile og lesbiske og alle deira. Vi som ikkje har det tett inn på livet, bør minnast om å uttrykka oss som om dei var nær oss. Då talar vi truleg meir varleg. Ingen skal dømast eller krenkast for sin seksuelle legning. Homofobi er diverre ikkje eit framandord som ikkje finst.

For det andre kan eg ikkje løyna at det er få område eg kjenner motstandsånda som i debatten om homofili og ekteskapslova. Dei skjellsorda eg sjølv har møtt i sms og e-post, kan berre samanliknast med dei hatefulle ytringane ein kan møta i antisemittismen og jødehatet.

For det tredje er det viktig å vita kva «hatt» ein har på seg når ein uttalar seg. Med «teologhatten» i det åndelege regimentet må eg tala som Guds ord talar – homofilt samliv er i strid med Guds vilje og under Guds dom. 1Kor.6:9. Men merk at bibelverset omfattar meir enn homofili!

Med «politikarhatten» er det meir å seia. Apostelen Paulus talar om ulik opptreden overfor menneske i kyrkja og i samfunnet elles. Les mellom anna 1Kor. 5:9ff. For min del tyder det på dette området at vi må ha juridiske ordningar i samfunnet som også omfattar dei som lever i homofilt eller lesbisk forhold. Også i slike forhold er det tale om dei svake og om born. Det kan ikkje vera rett å overlata slikt til individualistisk privatisme eller som tidlegare til straffelova.

Så hevdar eg med stor styrke: Ekteskapet er ei skaparordning for mann og kvinne. I uallminnelege tider har det vore slik. Det kristne synet på ekteskapet er det monogame ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne. Å bruka nemninga ekteskap om noko anna er misbruk av eit klart definert omgrep.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I spørsmål om ekteskap og familieforståing må vi skilja mellom deskriptiv og normativ definisjon. I ei deskriptiv skildring handlar det om faktiske forhold om dei ulike familietypane som finst. Politikken må omfatta alle. Men det må ikkje hindra at ein held klart fram den normative forståing ein står for. Eg har fleire gonger halde fram CDU i Tyskland som førebilete (på dette feltet). «Sjølv om ekteskap er kristendemokratiet sitt ideal for samlivet mellom mann og kvinne, respekterer også CDU beslutningane til dei som har valgt andre samlivsformer for å leva det livet som passar dei.» Før dei går for aksept for andre sitt syn, presiserer dei tydeleg eigen normativ posisjon!

Men løyser borgarleg vigsel problemet som somme synest å tru? Eg vil svara med å sitera frå ein kommentar eg med min KrF-hatt skreiv saman med partikollega Kristian Helland i Dagen 11. september 2014. Det var ein respons til Tankesmia Skaparkraft som overraskande føreslo slik løysing i same avis nokre dagar før: «Borgerlig vigsel løser problemet» var overskrifta deira. Dette var gamalt dårleg nytt for dei som har følgd diskusjonen. Svaret må vera: Verdipremisser om ekteskapet er ikkje ei ordning for trussamfunn, men spørsmål som i høg grad høyrer heime i samfunnet. Borgarleg vigsel er sjølvsagt greit. Det er jo tilfelle i dei fleste land. Men debatten om ekteskapet som institusjon i samfunnet mellom mann og kvinne dreier seg om noko langt djupare enn om stiftinga skjer på rådhuset eller i kyrkja. Det står om ein skal bringa verdispørsmål inn i samfunnet eller avgrensa det til kyrkjerommet. Det siste ville vera å svikta rolla og karakteren som samfunnsbyggjar.

Å ta bort dei verdimessige premissene for ekteskapet i samfunnet vil faktisk ha store konsekvensar for verdimessige premisser for politikken i det heile. I forhold til trussamfunn har eit politisk parti berre eit verdistandpunkt når det gjeld liturgiopplegget – nemleg å verna deira trusfridom. Det burde fleire enn KrF forstå. Men i samfunnet er det vår verdiprofil å løfta fram ekteskapet mellom mann og kvinne ut frå både prinsipielle, historiske, sosiologiske og biologiske premisser for samfunn og barns rett til mor og far. Det er også dette to-kjønna ekteskapet som har vern i Menneskerettane.

Å hevda at borgarleg vigsel løyser problemet, er faktisk å seia at vi ikkje skal bringa kristne verdiprioriteringar inn i samfunnsdebatten på dette området. Det vil ha konsekvensar for verdipolitikken på andre område. Å avskriva ordninga med det to-kjønna ekteskapet er å gi etter for forsvararane av den nye lova sin språkbruk og skuldingar om diskriminering, monopol og forskjellsbehandling.

Spørsmål om menneskeverd og ekteskapslov er fundamentale spørsmål. Vernet om to-kjønna ekteskap og relasjonen mor-far-barn er ikkje ein teoretisk ideologikamp, men ei fundamental sak med store konkrete konsekvensar. Vi les i avisene om utviklinga i bioteknologien og at ein nå i fleire land har lovverk for å få born med DNA frå to mødre og ein far. Er dette den identitetsutvikling vi vil ha i framtida? Då er eg redd at «Tore på Sporet» får nye utfordringar.

Kristen demokratisk ideologi ønskjer anna lovverk. Men berre lovforslag er enkel løysing for våre motstandarar. Dei kan berre trykka på nei-knappen. Den kloke og sterke argumentasjonen må vera vårt aller viktigaste våpen. Svulstig propaganda tener derimot til lite. Sakleg og respektfull argumentasjon med tydelege premisser er løysinga og det beste svaret. Teksten er ei samanfatning av talen til Hallaråker om livet og ekteskapet under Oslo Symposium 19. mars 2015.

Les også
«Mitt hjerte er knust…»
Les også
«...og han elsket dem helt til det siste»
Les også
Følelser, tradisjon eller teologi?
Les også
Folkekirke uten folk
Les også
Guds ord om barn og fostring
Les også
Petter Northug som forbilde
Les også
Kirkens økonomi