Debatt
KORINT: I 1 Kor 15,20 les vi at «Gud skal vera alt i alle». Men kven er desse «alle», spør Audun Aase.
Odd Mehus
Gud – «alt i alle»
Sidan sitatet i overskrifta har vore inne i ordskiftet om dei to utgangane av livet, kan det vere greitt å sjå litt på det bibelske materialet.
I 1 Kor 15,20 les vi at «Gud skal vera alt i alle». Men kven er desse «alle»? Er det alle menneske? Les vi utsegna isolert, kan det verke som det er slik å forstå. Men ser vi på samanhengen og leitar etter ein referanse, så finn vi i nokre vers framom omtalen av «dei som høyrer Kristus til», altså ved oppstoda. Paulus nemner berre dei. Derfor skulle det vere god grunn å sjå dei to sitata i samanheng. Rett nok er der eit mellomavsnitt, men det handlar om alle fiendske krefter som Jesus har vunne over.
Tydeleg blir iallfall dette i liknande ord om Jesus Kristus, slik vi finn dei i Ef 1,23 og Kol 3,11. I Ef 1 står det om «kyrkja, som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle». På gresk står det at kyrkja som Kristi kropp er «fylden av han som fyller alt i alle». Det skulle vere greitt kven «alle» her må vere, nemleg kyrkja som Kristi kropp.