ALKOHOLFRI: TV-profilen Linnéa Myhre har vore utan ein dåpe alkohol i eitt år.
Fredrik Varfjell / NTB
TV-profil har vore alkoholfri i eitt år. Slik har det påverka livet hennar
– Eg var redd for at det å slutta med alkohol skulle kjennast som eit stort tap, seier TV-profil Linnea Myhre (35). Etter eitt år som edru har ho innsett at alkoholen tok meir enn han gav.
I NRK-podkasten Lev vel, der Myhre sjølv er podkastvert, har ho nyleg delt røynslene sine frå året som fullstendig alkoholfri. Refleksjonane og opplevingane hennar er òg omtala i ein fersk NRK-artikkel.
35-åringen meddeler mellom anna at ho brått fekk meir tid til overs, vart mindre stressa, sov betre, presterte betre på jobb og trening, vart meir energisk, i betre humør og mindre sjuk.
No har ho nesten ikkje lyst på alkohol meir.