Debatt
LIVSGLEDE: Med tanke på eit forventa langt arbeidsliv for nye generasjonar, vil det også vere rimeleg å gje rom for eit år med fokus på eigne interesser, meistring og livsglede, skriv folkehøgskulerektorar. Biletet viser elevar ved Alta Folkehøgskule på tur i 2021.
Arne Netland
Folkehøgskular: Uklokt kutt
Dei som er unge i dag kan forvente å stå i arbeid til dei er om lag 75 år.
Samstundes arbeider regjeringa no for at denne generasjonen unge også skal raskast mogleg inn i studiar.
Men regjeringa ser ut til å ha gløymt at eit allereie eksisterande problem ikkje vert løyst med dette. I dag droppar om lag 1 av 4 ut av studiar. På masternivå er det under halvparten som fullfører på normert tid. Dette er dyrt for Norge.