KULTUR: Valforskar Bernt Aardal seier at kulturen er ulikt fordelt i delar av landet, og at historikk og organisasjonar som fagforeiningar og bondeorganisasjonar påverkar kva parti som står sterkt lokalt.
Terje Bendiksby / NTB / NPK
Tradisjonen pregar norske val
Frp på Sunnmøre, KrF i Rogaland og Senterpartiet i Sogn og Fjordane – alle har oppslutning langt over landsgjennomsnittet. Valforskar forklarar at dette kjem av kultur og tradisjon.
Frp på Sunnmøre, KrF i Rogaland og Senterpartiet i Sogn og Fjordane – alle har oppslutning langt over landsgjennomsnittet. Valforskar forklarar at dette kjem av kultur og tradisjon.
I nokre delar av landet har nemleg enkelte parti tradisjon for å stå sterkt, og geografisk tilhøyring kan vere ein nøkkel til å forstå norsk valåtferd.
– At eit parti har vore sterkt tidlegare, er ein tendens som går i arv i familiar og grupper. Slik har det vore i lang tid. Ein skulle trudd at dette hadde endra seg i vår tid, men det har det ikkje, fortel valforskar Bernt Aardal, og trekkjer særleg fram Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Kristeleg Folkeparti på Sørvestlandet og Framstegspartiet på Sunnmøre.