KRONE: - Smed Halvor Sisjord har laga ein tru kopi av lysekrona frå Heddal stavkyrkje som i dag heng på Oldtidssamlinga i Oslo, fortel Arne Sukke.
NPK
Låven fekk eit nytt kall
Ho har preikestol og døypefont i ei høgde og traktor og grasklippar i ein annan. – Me sår Guds ord, og håpar det spirer, seier ein av eldsjelene bak Låvekyrkja.
– Dette er ein driftsbygning i Guds rikes arbeid. Her sår me Guds ord, og så er det opp til dei som kjem kor mykje dei vil ta i mot og hauste. Det er difor me har både såkorn og aks på altertavla.
Arne Sukke står midt i skipet av Heddal Låvekyrkje og nikkar mot koret, der ei 5,5 meter høg tretavle strekkjer seg mot taket. Rundt han står det stolar på sirlege rekkjer. Skipet kan benkje 340 personar, men òg delast av ved behov.
I etasjen under er det kafe, turistkontor, undervisningsrom og administrasjonskontor for dei tilsette i Heddal sokn i Telemark. Under der att, i kjellaren, er det teknisk rom, garasje og verkstad for kyrkjetenarane – og – utstillingslokale og sanitæranlegg for turistane.