Meninger
VITNEMÅL: Eg har ikkje tal på alle dei vitnemåla som har nådd mitt øyra, skriv Gudleik Himle.
Adobe Stock
Eg saknar vitnemåla om Jesus
Det plaga han, var ei smerte. Misjonær, forkynnar var han. «Det er så vanskeleg for meg å få avleggja eit personleg vitnemål», sa han i ein samtale. Å, stemmer det? Me som høyrde han, merka at han hadde personleg kjennskap og røynsle med det han forkynte. Det var meir enn teori. Han visste kva han tala om. Maten han gav, hadde han ete. Han vitna ikkje om seg, men om Herren.
Eg har ikkje tal på alle dei vitnemåla som har nådd mitt øyra. Før, då eg var yngre, var det vanleg med vitnemøte på møta. Mange gonger gav dei mest. Dei vitna om det dei hadde fått, det dei hadde fått sjå. Der var ungdommen utan erfaring og dei eldre. Han som trudde ingen hadde det slik som han. Fekk høyra at dei som var eldre hadde dei same kampar som han.
Ikkje sjeldan lydde det: «Så kom det – ordet til meg.» Det var eit ord frå Herren som Heilaganden drog fram for dei i den situasjonen.