Frispark
166. STORTING: 11. oktober skal Kongen opne det 166. storting. Det pleier alltid å vere høgtideleg, og ein vakker seremoni, skriv Kjersti Toppe her. Bilde viser opninga av det 164. Storting.
Terje Pedersen / NTB
Dillball demokrati?
Noreg har denne veka fått eit nytt storting. Etter ein ganske lang og intens valkamp, var dommen frå veljarane klar: Stortingets samansetning er endra. Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV får fleirtal på Stortinget i saman. Den sittande regjering har mista sitt parlamentariske grunnlag.
Ein journalist som intervjua meg valnatta spurte korleis det eigentleg var å vere med på dette «reality-showet». Han meinte at stortingsval og valkamp var som eit reality-program der deltakar får poeng og stemmer for sin prestasjon. Taparen blir sendt heim. Eg svarte at eg ikkje godtok ei slik samanlikning.
Å bli folkevald kan sjølvsagt ikkje samanliknast med å vinne «Skal vi danse» eller «Kompani Lauritzen». Skilnaden er at ein som folkevald representerer folket, ikkje seg sjølv. Dette er jo også grunntanken i demokratiet.