Kven kjenner sine eigne feilsteg?
Del
Eg kan ikkje svara for eller peika på andre, men eg kjenner at eg treng å audmjuka meg og be om nåde.

Få også med deg denne: Rekker ut en hånd til dem han har såret

-----

Egil Svartdal talte for ei tid sidan om dei brende barna i kristen samanheng. Desse orda, «dei brende barna», famnar vidt og har gripe tak i meg og fått meg til å sjå meg tilbake og tenkja på ting eg har opplevd og vore med på.

Dessverre veit eg om brende barn både i mi eiga slekt, blant nære venner og i mi eiga forsamling. Det verste er å tenkja på, at det er folk som har brend seg på meg og vorte såra av mine ord og mi framferd.Herre, miskunna deg over meg!

For tida taler Gud til meg gjennom eit ord i Salme 19,12-15: «Kven kjenner sine eigne feilsteg? Frikjenn meg frå dei eg ikkje veit om. Spar din tenar for hovmod, lat det ikkje få meg i si makt! Då er eg heil og fri frå store synder. Måtte orda frå min munn og tankane i mitt hjarte vera til glede for deg, Herre, min utløysar og mitt berg!»

Eg innser at eg har hatt, og sikkert framleis har, «blindflekkar» som gjer at eg ikkje ser meg sjølv, slik som andre ser og opplever meg. Eg har fått mange positive og sjølvsagt nokre negative tilbakemeldingar opp gjennom åra om min eigen leiarstil og leiarskap. I tidlegare tider forsto eg ofte ikkje kritikken eller innvendingane, for eg hadde jo berre gode intensjonar med det eg sa og gjorde. Eg følte ofte at eg hadde vore leia av Anden, og hadde vanskar for å sjå og innrømma feilsteg.

Eg har nett lese noko eg skreiv etter at ein god bror hadde vore hjå meg og fortalt meg korleis folk opplevde meg då dei kom for å snakka med meg og ta opp ting med meg. Eg ser av brevet eg sende, at eg på den tida hadde svært lite sjølvinnsikt. I dag kan eg forstå reaksjonane på ein heilt annan måte. Eg er redd for at nokre av dei brende barna har brend seg på meg og min uforstand. Difor kjenner eg behov for å koma dei i møte, høyra hjartet deira, prøva å forstå, og kanskje få sår til å gro.

Kven kjenner alle sine eige feilsteg?

Eg har nok gjort mange feilsteg som eg enno ikkje er medviten om, men etter snart 55 år i teneste for Herren kjenner eg til nokre av feilstega mine. Eg har vore stolt av min eigen bibeltruskap, men eg er ikkje like stolt over måten eg har møtt folk som har stilt spørsmål ved undervisninga mi. I dag har eg sorg i hjartet for at folk i møte med meg ikkje har opplevd forståing eller medkjensle, men følt at eg slo dei i hovudet med Guds ord. Eg er lei meg for at eg har såra folk fordi eg ikkje har høyrd hjartet deira og møtt dei med kjærleik og nåde. Eg har vore sterk, skarp og tydeleg som leiar og forkynnar og har skapt tru og sett mot i både unge og eldre folk. Eg har opplevd nåde og velsigning frå Gud i ei livslang teneste for Herren. Eg har fått mange oppmuntrande ord frå folk som har vorte velsigna og hjelpt av forkynninga og leiarskapet mitt. Ved Guds nåde har eg sett gode frukter i tenesta. Men dessverre har dette tydelege leiarskapet også hatt ei bakside, som eg ikkje har forstått godt nok.

No er det tid til å setja ord på det og ta ansvar der eg ser at det har svikta. Folk har vorte redde for å koma med spørsmål og gje uttrykk for andre synspunkt. Eg har til tider vore svært bombastisk, avvisande og lite lyttande til folk med andre meiningar. På talarstolen har eg vore djerv som ei løve og kome med skarpe utsegn som har såra folk. Eg har dessverre også nokre gonger irettesett og kome med påbod frå talarstolen til folk i møtet. I dag kan eg ikkje lenger orsaka meg med at eg følte meg leia av Anden til å gjera det. Eg ser at det sjølvsagt hadde vore mykje betre om eg hadde snakka med folk på tomannshand. No er eg lei meg for dei kvalar og tankekjør eg påførde dei eg offentleg nemnde ved namn. Eg grøssar ved tanken på kva mi framferd kan ha skapt av ukultur i fellesskapet. Eg kan berre leggja meg flat og be om nåde og tilgjeving.

Eg elskar Jesus og er brennande ivrig for Guds ord. Eg trur om meg sjølv at eg står for ein sunn og god pinsekarismatisk teologi. I denne samanhengen vil eg visa til dei mange artiklane og bøkene eg har skrive. Eg trur at undervisninga mi byggjer på trygg bibelsk grunn. Men når eg ser meg tilbake, er eg ikkje stolt over måten læra til tider har blitt praktisert på. Eg har dessverre vore firkanta og meir oppteken av å forsvara bibelske prinsipp (slik eg har forstått dei), enn å møta folk, med eit ulikt syn på ting i Guds ord, med respekt og forståing. I tidlegare tider var eg meir oppteken av å forsvara og forklara det eg hadde sagt eller gjort, enn å lytta og forstå kva som låg folk på hjartet då dei kom til meg. Dette var sjølvsagt ikkje ein god måte å møta folk på, men på den tida var det ein av dei blinde flekkane eg ikkje såg. No har eg kome fram til den innsikta som Paulus hadde: Jamvel om han ikkje visste om at han hadde gjort noko gale, innsåg han at han ikkje dermed var frikjend, og at han heller ikkje trong å forsvara seg (1 Kor 4,3-5). Difor vil eg lytta og prøva å forstå.

Herren er den som dømmer meg. Han kjenner kva menneske ber i hjartet og vil ein dag føra alt fram i lyset. Eg treng framleis å be: Herre, tilgje meg all synd eg ikkje veit om! Når eg les avsnittet i Salme 19, som er sitert ovanføre, ser eg at det er ein samanheng mellom hovmods synder og det å ikkje kjenna sine eigne feilsteg. Kanskje det var hovmod og store tankar om meg sjølv som hindra meg i å sjå mine eigne feilsteg? Dette gjer det jo berre verre. Gud står dei stolte i mot, men dei audmjuke får nåde.

Eg kan ikkje svara for eller peika på andre, men eg kjenner at eg treng å audmjuka meg og be om nåde. Det er ikkje lett å innsjå at eg har kome til kort, at eg har svikta og ikkje vore så god, kjærleg og imøtekomande som eg skulle ha vore. Eg roper om nåde og håper at eg no i desse dagane kan vera eit medmenneske og ein medvandrar med folk som har vorte såra eller brende både i mi eiga forsamling og andre kristne samanhengar. Eg takkar Gud for at eg har fått snakka ut om desse tinga med fleire av dei eg veit om det gjeld. Eg vil i tru og tillit leggja meg og alle brende barn i Guds nådige hender.

 

nåde,synspunkt,erling thu,kristent nettverk,egil svartdahl,frelst,brente barn,menighet,lederskap,leder,bibelen,bibeltroskap,frelse,jesus