Applausen i Sarons dal

I denne veka var eg attende i Sarons Dal for å vera med på møte. Det var mange som kom til meg for å seie at dei ikkje kjende seg att i skildringa di, Magnhild.

Magn­hild Mel­tveit Klep­pa var skuf­fa over å få lite ap­plaus i Sa­rons Dal. På ty­pisk raud­grønt vis mei­ner ho det er pub­li­kum det var noko gale med.

Se hele politikermøtet i Sarons Dal i opptak på nett-TV på Dagen.no

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I same inn­legg seier ho at «i Sa­rons dal vart Knut Arild Ha­rei­de frå KrF nær­ast som ein gis­sel for eit langt stør­re Frp» og ho syner sær­leg til­al­ko­hol- og bi­stands­po­li­tik­ken. I denne veka var eg atten­de i Sa­rons Dal for å vera med på møte - det var mange som kom til meg for å seie at dei ikkje kjen­de seg att i skild­rin­ga di, Magn­hild.

Det som falt Klep­pa tungt for brys­tet var at Frp sin Ketil Sol­vik Olsen fekk ap­plaus. Men det var ikkje Frps al­ko­hol­po­li­tikk han fekk ap­plaus for, men at han lyfta fram ide­ell ru­som­sorg og at han synte at mora hans har ar­beidd innan rus­fel­tet i Sand­nes i mange år og er eit vitne på at da­gens po­li­tikk ikkje fun­ge­rer. Men salen re­spon­der­te med langt kraf­ti­ga­re ap­plaus då eg ut­ford­ra Sol­vik Olsen på at den nors­ke al­ko­hol­po­li­tik­ken er langt betre enn i land sør­over i Euro­pa og at in­di­vi­du­ell fri­dom hand­lar også om å trygg­leik for den ein­skil­de.

Det Klep­pa heilt ser bort frå er at det er ikkje berre Frp som svik­tar i al­ko­hol­po­li­tik­ken. Sp sin par­la­men­ta­ris­ke leiar Tryg­ve Slags­vold Vedum lova haus­ten 2011 i VG at re­gje­rin­ga ville re­du­se­ra skjen­ke­tida frå kl. 03 til kl. 02. Re­gje­rin­ga gjekk atten­de på lov­na­den. Og Sp sitt lands­møte i 2013 valde i dette spørs­må­let å sjå bort frå det ty­de­le­ge rådet frå po­li­ti­et i denne saka dess­ver­re.

Klep­pa seier i inn­leg­get at dette var eit så­kal­la «kris­te­leg» stem­ne. Det kan tyde på at ho ikkje var heilt nøgd med pub­li­kum. Men hadde Frp i denne de­bat­ten blitt ut­ford­ra på at par­ti­et både seier ja til aktiv døds­hjelp og ja til tid­leg ul­tra­lyd som kan sor­te­re bort born med Downs syn­drom, hadde nok ap­plau­sen stil­na i Sa­rons Dal. Men det er ikkje pub­li­kum i Sa­rons Dal sin feil. Det må vel du og eg som pa­nel­del­ta­ka­rar ta an­svar for, Magn­hild? I sta­den kom det fram at Frp no har snudd og no vil gje fast­le­gar rett til å re­ser­ve­re seg mot abort. I mot­set­nad til den raud­grø­ne re­gje­rin­ga di, Magn­hild. Eg for­står at Frp fekk ap­plaus for at dei no har endra syn i dette vik­ti­ge prin­si­pi­el­le spørs­må­let.

Klep­pa er også uro­leg for at KrF skal inn i re­gje­ring «der dei størs­te par­tia vil føra ein meir li­be­ral al­ko­hol­po­li­tikk og re­du­se­ra bi­stan­den». KrF har del­te­ke i mange re­gje­rin­gar og aldri re­du­sert bi­stan­den til dei fat­ti­ge i verda. Det kan Klep­pa kjen­na seg trygg på ikkje vil skje etter 9. sep­tem­ber også. Når det gjeld al­ko­hol bør Klep­pa merka seg at Sol­vik-Ol­sen denne veka til NRK «av­vi­ser at al­ko­hol­po­li­tik­ken er noen ho­vud­sak for Frp». Det er der­imot ei særs vik­tig sak for KrF!

Til slutt om re­gje­rings­sam­ar­beid. Det er eit sam­røys­tes lands­sty­re i KrF som seier at ei stem­me på KrF er ei stem­me på ny re­gje­ring! Alt tyder no på at det blir eit skif­te og då syner Klep­pa sitt inn­legg at det er vik­tig med eit sterkt KrF!

Knut Arild Hareide

Leiar i Kristeleg Folkeparti

Les også
En stemme på KrFs politikkKjell Ingolf Ropstad
Les også
Selektiv hukommelse
Les også
Kristenfolkets dømmekraft
Les også
Applausen i Sarons DalMagnhild Meltveit Kleppa
Les også
Advarer kristne mot å stemme KrFSenterpartiet