Applausen i Sarons Dal

Eg frys på ryggen framleis når eg kjenner omen av forsamlinga sine klappsalver for ein meir liberal alkoholpolitikk.

Eg har brukt ein søn­dag i som­mar i Sa­rons dal. Po­li­ti­kar­de­batt. Sten Sø­ren­sen stil­te svært re­le­van­te spørs­mål og leia de­bat­ten med stø­dig hand. I salen sat eit pub­li­kum som i stor grad sette pris på Ketil Sol­vik-Ol­sen sin bod­skap.

Eg frys på ryg­gen fram­leis når eg kjen­ner omen av for­sam­lin­ga sine klapp­sal­ver for ein meir li­be­ral al­ko­hol­po­li­tikk. Sol­vik-Ol­sen er enkel og ty­de­leg i språ­ket. Når han blir ut­ford­ra på rus­pro­ble­ma i sam­fun­net vårt, bru­kar han mor si som døme. Ho har ar­beidd innan rus­fel­tet i Sand­nes i mange år og vert vitne på at da­gens po­li­tikk ikkje fun­ge­rer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mange av dei som ar­bei­der mel­lom rus­mid­del­mis­bru­ka­rar, kan gi gode råd om kva vi bør gjera meir av for å sikra flei­re rus­av­hen­gi­ge eit betre liv. Men er det ein ein­as­te av dei som vil ha leng­re skjen­ke­ti­der, vin i bu­tik­ka­ne og stør­re kvo­tar når du er ute og rei­ser enn det du kan bera med deg?

Dette var eit så­kal­la «kris­te­leg» stem­ne. Eg vart sitjan­de å ten­kja på sam­ta­lar vi har hatt i den raud­grø­ne re­gje­rin­ga om kor­leis vi kan ta betre vare på kvar­and­re, visa om­sorg og an­svar over­for svake grup­per, løfta fram verdi­spørs­mål. Vi kunne gjort meir. Eg er aud­mjuk i høve det. Vi har li­ke­vel ei re­gje­ring som uav­la­te­leg har letta byr­de­ne for vans­ke­leg­stil­te og gjer­ne vil fort­se­tja i den ret­nin­ga.

Eg er glad for kyr­kje­for­lik og fi­nan­sie­ring av trus­re­form. Det er bra for lan­det at det no er stør­re syn for at ide­el­le or­ga­ni­sa­sjo­nar får driva sku­lar enn i star­ten av det raud­grø­ne sam­ar­bei­det. Sen­ter­par­ti­et ar­bei­der for at sam­fun­net vårt i langt stør­re grad enn i dag skal kunna nytta er­fa­rin­ga til Frel­ses­ar­me­en, Blå kors og andre, til dømes innan rus­fel­tet. Då må dei over på lang­sik­ti­ge drifts­av­ta­lar i sta­den for ei kon­kur­ranse­ut­set­ting vi aldri har vore for.

Eg har som stats­råd hatt mange og gode sam­ta­lar med KrF. Det har også flei­re av kol­le­ga­ene mine. Eg kan visa til kon­kre­te saker der KrF har hatt gjen­nom­slag i re­gje­rin­ga sjølv om dei ikkje sit der.

I Sa­rons Dal vart Knut Arild Ha­rei­de frå KrF nær­ast som eit gis­sel for eit langt stør­re Frp. Han og par­ti­et hans har tras­sa råd frå Dag­finn Høy­brå­ten og Kjell Magne Bon­de­vik og satsa alle kort på re­gje­rings­skif­te. Dei skal anten inn i ei re­gje­ring der dei størs­te par­tia vil føra ein meir li­be­ral al­ko­hol­po­li­tikk, re­du­se­ra bi­stan­den og mot­ar­bei­da andre sen­tra­le spørs­mål KrF er opp­teke av, eller dei er ut­tal­te støtte­spe­la­rar til ei re­gje­ring sa­man­sett av Høgre og Frp.

Eg tek til etter­ret­ning at KrF sen­tralt har gjort eit slikt val. Eg vonar li­ke­vel ap­plau­sen i Sa­rons Dal ikkje er re­pre­sen­ta­tiv for det krist­ne vel­ja­rar med for­val­tar­an­svar og so­li­da­ri­tet som grunn­hald­ning føre­tek seg den 9. sep­tem­ber.

Magnhild Meltveit Kleppa

Stortingsrepresentant for Senterpartiet

Les også
Advarer kristne mot å stemme KrFSenterpartiet
Les også
Politikermøte i Sarons DalSe opptak fra debatten: