Anmeldelser
SAMFUNDET: Forfattaren vaks opp i «Samfundet», men meldt seg ut 2015, og er no førsteamanuensis i pedagogikk. Eg synest han har kome svært godt frå oppgåva, skriv Johannes Kleppa.
Adobe Stock
Lærerikt om dei sterkttruande
Det er i seg sjølv uvanleg at ei «utbrytargruppe», som dei sterkttruande må seiast å ha vore, har overlevd og er vitale etter 200 år.
Frå tidleg på 1800-talet, om lag 1820, utvikla det seg ei kristen rørsle som vert kalla «dei sterkttruande». Det geografiske hovudområdet for denne retninga var strekninga Stavanger-Kristiansand, med eit tyngdepunkt i Bjerkreim.
Den som i starten var den formande krafta, var lekpreikaren Knud K. Spødervold (1791–1848) i Rogaland, og nokså snart Torkild Hammersmark (1802–1873) i Kristiansand-området. Etter kvart vart dei to store sentra for denne åndsretninga Egersund og Kristiansand.
Den rette trua