For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Anmeldelser

Gunstein Draugedalen: Gunstein Draugedalen - tatt i forbindelse med en konsert på Fosse-huset i Strandebarm.

Frå Draugedalens venstre hand

Publisert Sist oppdatert

Gunstein Draugedalen er godt kjent i Kristen-Noreg som songar – ja, som ein av dei fremste til å formidla evangeliet gjennom song og musikk. Han er rekna som ein framifrå kunstnar på dette området. No viser det det seg kunstnargåva spenner vidare enn dette.

Draugedalen har gitt ut ei lita bok med tittelen «Frå mi venstre hand». Det spelar på at han er venstrehendt, eller «keivhendt», som vi sa før. I det uttrykket ligg gjerne at ein normalt gjer betre arbeid med høgrehanda enn med venstrehanda. For Draugedalen er det motsett. Det er den venstrehand som gjer best arbeid, og som han må bruka til alt som er viktig. I denne boka kjem det til uttrykk i dikt og bilete av skulpturar og byster han har laga i leire.

Draugedalen er ein høgt respektert mann på feltet song og musikk, og slik sett ein stor mann, samstundes framstår han smålåten og folkeleg. Det siste kjem også til uttrykk ved at han skriv at han synest det er «litt høgstemt» å kalla det han skriv i boka for dikt, det er heller i «retning av å reflektere over livet frå ulike vinklar – ofte i ei poetisk form». Dette er i og for seg rett, men det dreier seg like full om lyrikk og fullverdige dikt – på godt nynorsk.

Powered by Labrador CMS