STØTTE: Kva risikerer staten om dei nå skal leggja trusinnhaldet til grunn for statsstøtte? Så langt eg kan skjøna, må dei fyrst koma fram til ein mal for kva trusinnhaldet skal målast opp mot for å vera godtatt. Ein overordna autoritet, skriv Berit Helgøy Kloster. På biletet ser vi SV-leiar Audun Lysbakken.

Trussamfunn og offentleg pengestøtte

Var det hastverk eller nøye planlagt strategi frå SV då dei presentere utredningsforslag om pengestøtte til trussamfunn i siste innspurten på Stortinget nå 16. juni?

Hensikta med utredninga er å sjå om alle som er registrerte som trussamfunn skal få statsstøtte til drifta. SV har ikkje stått for innvandringskontroll, så derfor ligg det nærast å sjå på det som eit ynskje om kontroll av tru og tanke.

Heilt sidan Romerriket gjorde kristendommen til statsreligion år 325, har Europa vært prega av at fleirtalsreligionane har hatt økonomisk støtte, ja, også støtte til misjonens framdrift frå den politiske leiinga. Både koloniseringa av Afrika og Asia, samt erobringa av Latin-Amerika hadde støtte frå religiøse leiarar. Med litt velvilje kan vi nok også sjå på dette som at dei tok det heile menneske og den åndelige lengten på alvor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES: Misjonsfestival avlyst og nedlagt

Lova om Trussamfunn og Ymist anna trådte i kraft i 1970. Då gav dei offentleg støtte slik vi har den i dag, men røttene går tilbake til dissenterloven frå 1845. Her er også Human-Etisk Forbund meldt inn. Lova er truleg i særklasse for Nord-Europa og syner respekt for demokrati og yttringsfridom. I dag er ikkje lenger Nord-Europa kjenneteikna av dei lyshåra og blåaugde. Men vi vil framleis praktisera demokrati og integrering.

Nå har vi ein situasjon, i alle fall på overflata, der religionen er nedtona og materialismen har overtatt. Det religiøse perspektivet om at dette livet legg grunnlaget for det evigheita, skal det knapt talast om. Men underlig nok er det stort rom for å tale om spesielle kjensler og opplevingar av det overnaturlege.

Kva risikerer staten om dei nå skal leggja trusinnhaldet til grunn for statsstøtte? Så langt eg kan skjøna, må dei fyrst koma fram til ein mal for kva trusinnhaldet skal målast opp mot for å vera godtatt. Ein overordna autoritet.

Ein slik debatt er svært nyttig, tidkrevjande men kanskje nesten umogleg etter som folk med andre kulturar strøymer på. Den lettaste løysinga vil kanskje vera å ty til tidsstrøyminigane, det som til ei kvar tid er fleirtalsvedtak. Truleg vil dette i praksis verta like umogleg som å byggja eit hus på bølgjetoppar.

LES: Tror på en fremtid med uniformen på

Det viktige med å ta denne debatten, er at resultatet truleg konkluderar med at religionane har sin eigen dimensjon utanfor det som kan vegast og målast. Vi her i landet, skal nå på få generasjonar, byggja verdifundamentet på nye grunnvollar.

For islam er Koranen uforanderlig. Det er ikkje berre ei bok, men sjølve Openbaringa, slik Jesus er i kristentrua. At den vil underordna seg norsk tidsånd, er heller tvilsamt, i det minste vil ho ha ei kort levetid. Dette kan i sin ytterste konsekvens vera kimen til religionskrig.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kvar vart det av trusfridomen? Dersom alle til alle tider hadde same oppfattniga, ja, då trong ein ikkje denne paragrafen som også er ein del av FN sine menneskerettar. Det er vel også eit tidsspørsmål om ikkje pengestøtta då skal fylgja fleirtalsvedtaka på Kyrkjemøtet. I staden for lausriving frå staten kan nettopp denne økonomiske støtta binda den endå tettare!

Vi må også ta ein analyse om kor viktig denne pengestøtta er. For Den norske kyrkja er den truleg heilt avgjerande. Misjonsorganisasjonane vil truleg klare seg bra, for her lever delvis den forståinga at dette er «hjertesaker» som ein gir pengestøtte til.

Historia syner at også religionsfrie ideologiar, som Sovjetunionen støtta seg på, er ei «krykkje» frå fleirtalsreligionen. Vi som levde i 60-åra, brann for «Misjon bak jernteppet» som på mange måtar var opposisjonen til dei som fekk statsstøtte. Er vi i ferd med å skape slike tilstandar i vårt eige land? Vi må vel også stilla spørsmålet om kva tidspunkt vi skal måla adferda til trussamfunna, er det i fredstid, eller når det er krisetider?

Eg stilte spørsmålet til Dr Janny som risikerar livet i Aleppo: «Kor mange IS medlemmer er komne til Europa ved å infiltere flyktningstraumen?»

«I eit kvart menneske er det ein kime, som dersom dei vert utsatt for press og fornedring, kan gi grobunn for vondskapen».

Les også
Misjonsfestival avlyst og nedlagt
Les også
110 år etter pastor Barratts åndsdåp
Les også
Fantastisk å være tilstede i unges liv
Les også
En ærlig festtale
Les også
Tror på en fremtid med uniformen på