Kyrkje og misjon frå Vest II. Ver ditt mål bevisst!

Vi har hatt meir enn nok av at menn og kvinner utan innleving i kristen tru har styringsrett i Den norske kyrkja. I så måte har kyrkja for mykje demokrati, ein type kyrkjeleg demokrati som eintydig er i strid med vedkjenningsskriftene.

Kyrkja burde finna måtar å sikra styring for truande menneske som innestår for Bibel og vedkjenning og som kjem til gudsteneste i det minste.

Den teologiske kursen Den norske kyrkja styrer etter, er fundamentalt endra og endringstakten ser ut til å auka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Trur nokon at liturgi for samkjønna vigsle er siste sak på Åpen folkekirke sin agenda?

Kvar er denne kyrkja om fire år?

Bispemøtet sin tidlegare Preses, Skjevesland sa at "Godkjennelse av en liturgi for homofile par, vil innebære at Den norske kirke tar et nytt læremessig standpunkt om homofilt samliv.

Da vil mange si: Den norske kirke har endret grunnleggende elementer i læren om frelsen. Den kan ikke lenger tale klart om synd og nåde. Her kan jeg for min samvittighets skyld ikke være med, og så melder de seg ut av Den norske kirke. Må Gud velsigne også dem som velger slik."

Nett difor tenkjer vi at vegen framover for tru og tanke i landet vårt ikkje går gjennom utvanning og utvisking, men gjennom konsentrasjon om Guds Ord, ved å gjera kristen profil tydeleg og å bera fram ordet om synd og nåde klart.

Det myndige lekfolket les ikkje Bibelen med hovudet under armen, men tolkar den historisk-grammatisk, slik at Guds ord får røyst inn i vår tid, inn i vår generasjon!

Bibelen består av mange og ulike sjangrar: Poesi, lange og korte prosafortellingar, sendebrev til kyrkjelydar, personlege brev, framtidsvisjonar, historiske fortellingar, profetskrifter, skapingsfortellingar som profeterer bakover i tid, ættelister. Det er som regel nyttig å lesa eit skrift i samanheng for å få tak i nødvendig bakgrunnstoff for det vers, kapittel du les.

BIBELEN RESSURS og andre studiebiblar er nyttige til å samla bakgrunns-informasjon for å forstå betre. Du treng ikkje vera teolog med kunnskap i grunnspråka for å ha djup innsikt i Guds Ord.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kristen tru og tanke har sett djupe røter på Sørlandet og Vestlandet. Det er viktig at vi er bevisst at menighet/sokn er den grunnleggjande eininga i kyrkja.

Menighet/sokn har ein solid kyrkjeleg og sivilrettsleg basis. Sokn-/menighetsmøte er difor svært viktig. Når soknemøte er tillyst, bør levande kristne møta vel førebudde.

Når ein skal ta i bruk ny salmebok og ny liturgi, er soknemøtet ikkje berre høyringsorgan, men skal seia ja eller nei til innføring av ny salmebok/ liturgi i soknet.

Her i Sørvest har kyrkjelydane stort sett fungert som om det nye synet i Den norske kyrkja ikkje eksisterte. Det bør halda fram ved at den aktive kyrkjelyden tek styringa gjennom menighets-/soknemøtet.

Sjølv om den aukande takten i utviklinga bort frå kristen tru held fram i samfunnet vårt generelt, kan den gudstenestefeirande kyrkjelyden vedta i soknemøte ved gudstenesta at dei ikkje aksepterer ny liturgi. Vi må be og arbeida for at Sørvest- området vil visa seg å halda fram som eit annleis land, trass i at dei sekulære kreftene diverre er sterke her òg.

Sterke motkulturar har gjennom fleire generasjonar gjort seg sterkt gjeldande i Vest: Fråhaldsrørsla med Fråhaldslosjen, Målrørsla med Mållaget og Landsgymnaset, Lekmannsrørsla med Bedehuset og Det myndige lekfolket. Her finns det framleis ei djupt kristen rørsle, som ikkje tek signal om å gløyma klassisk kristentru for god fisk.

Mange av dei skriv framleis nynorsk og kjenner seg språkleg i slekt med Garborg. Det myndige lekfolket er framleis som oftast fråhaldsfolket som lever frå stripa i sør med ”blaude små konsonanter”, vidare innafor Jærens rev, der dei “pina kodn av auren og von av sine draumar, trur på shillingen, men trøystar seg til Gud” og vidare i dalstrøka innafor, nordover mellom dei høge fjella og dei djupe fjordane. Må dei, Gode Gud, få vera eit annleis land, eit folk med sterke, kristne og menneskelege motkrefter mot skadeleg innverknad.

Himmelske Far, sjå i nåde til oss og stans “Åpen skadekirke” frå å lukkast i å øydeleggja Den norske kyrkja i store delar av landet, og gjera ditt myndige lekfolk i sør og vest framande i Fedrekyrkja. Takk Gode Gud at du skapte mennesket i ditt bilete. I Guds bilete skapte du det, til mann og kvinne skapte du dei. Takk at du velsigna mann og kvinne og sa til dei:”De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk.” Ein mann og ei kvinne, som gir kvarandre lovnad om livsvarig truskap, og lever etter sitt løfte til livet er slutt, det er dei to som lever etter, Gud din gode vilje for heim og samliv! Gode Gud takk at di velsigning kviler over samlivet mellom han og henne. Takk Gode Gud at du sende han og henne ekteskapet, direkte frå Paradiset, han og henne, av ulikt kjønn, din ypperste skapning. Vi lovar og prisar deg Gud frå æva og til æva, treeine Gud - Far, Son og Heilag Ande!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi går inn i samtalen i vår familie frå Vest: Gerd var forsiktig borti Ulf med spørsmål om han ville koma attende frå Japan med japansk kone om ti år. Ulf ga dei eit svar som kom svært overraskande på dei alle:

“Eg har ikkje tenkt å gifta meg!” Gerd heldt fram:”Meiner du å venta til du kjem attende til Noreg med å finna deg kjæreste?” Ulf sa: “Eg likar damer og har legning til tusen for ekteskap, det veit de sikkert alle! Men eg ynskjer å prioritera annleis i livet mitt. Eg trur Gud kan bruka menneske idag på same måten som han brukte Paulus!” Gerd sa: “Eg har alltid sett opp til deg, kjære bror! Men nå vaks du verkeleg i augo mine!” Ho gjekk bort til Ulf, la hendene kring han og ga han ein god klem, det same gjorde dei andre. Ulf sa: “Eg ynskjer å leva kysk heile livet. Det er like greit at de forstår korleis eg tenkjer.” Far til Ulf, Jon sa:

“Eg hadde kvaler då eg reiv dykk alle opp frå Hegrevik og drog til Japan med dykk då de var små! Nå er de alle vaksne og det er lett å ta avskjed, ikkje desto mindre er det fint at Ulf skal arbeida i ein annan kyrkjelyd like ved Aud og meg, på nordsida av Honshu, Japan.” Ulf:

“Ja, denne gongen er reisa dykkar positiv for meg, det var den første reisa vår og, i og for seg. Men eg opplevde ting som barn i misjonærfamilie i Japan, som ikkje var enkelt og eg såg at mine søsken hadde det langt vanskelegare enn meg. Det er faktisk litt av grunnen til at eg vil tena som einsleg misjonær i Japan. Ja, ekteskap er livsvarig samliv mellom ei kvinne og ein mann, og berre det, men det går godt an å tena Gud som einsleg kvinne og einsleg mann. I misjonen kan det vera ein god idé.

Eg gleder meg til å reisa attende til Japan, og så kan far, mor og eg ha eit lite norsk felleskap på nordsida av Honshu. Dessutan ynskjer eg med mitt liv å visa konkret at for både heterofil, homofil og lesbisk legning er det rett rett og godt å leva einsleg. Størst av alt er kjærleiken!

Agape er nettopp drivkrafta i eit oppofrande liv i teneste som til dømes einsleg misjonær i Japan enten ein er heterofil kristen, homofil kristen eller lesbisk kristen.” Aud, mor til Ulf, sa:”Eg trur nok likevel fleirtalet av misjonærer vil ynskja å gifta seg.” Ulf: “Er du så sikker på det? Det er einslege kvinner som har gjort grovarbeidet i misjonen her i Japan!”Aud tok rundt son sin og sa: “Jon og eg er stolte av deg Ulf, me har allereide sett at du lever i Guds nærleik, under Guds velsigning.“

Bryne 06.04.2016 Pensjonert sokneprest Ingolv Gjedrem.

Engasjér deg!

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: Engasjér deg!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

Følg gjerne Dagen på Facebook

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

UKENTLIG NYHETSBREV: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!


Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

Dagen er Norges eldste kristne dagsavis. På papir siden 1919. Vi gir ut avis seks dager i uken og har abonnenter over hele landet. Vi har også en eavis som kan leses hvor som helst - og når som helst.

DEBATT: dagensdebatt.no kan du selv skrive egne innlegg og publisere dem direkte på nett. Og kanskje bruker vi også innlegget ditt i avisen Dagen.

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

ISRAEL: Få med deg nyheter fra Israel og hør podcast fra Israel-korrespondenten

ANDAKT: Følg gjerne vår andakts- og inspirasjonsside

MENIGHET: Les vår faste spalte Menighetsdoktoren

HUMOR og skråblikk finner du i Krykkjebakkposten.

TWITTER: Dagen og DagensDebatt

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Bør være grenser for Sjømannskirkens hjelp
Les også
200 prester vil ha ekteskapsgaranti
Les også
«Frykt ikke»
Les også
Kan ikke love kirken mer penger
Les også
Markerer - og glemmer - BibelenKirkemøtet 2016