| Andakt

MØRKE OG LYS: Korleis kan vi finna botemiddel mot dei mørke tankane som så lett kan plaga oss? Det handlar laurdagsandakten om.

Kjemp mot dei vonde tankane

Publisert Sist oppdatert

I vår tid ser vi ein epidemi av tungsinn, uro og angst. Fleire slit psykisk, og særleg gjeld det dei unge. Vanlege råd frå helsemyndigheitene går ut på å eta sunt, få nok søvn, ha gode sosiale relasjonar og unngå for mykje skjermbruk.

Dette er gode ting, og ofte heilt naudsynte grep å ta. Men utan den åndelege dimensjonen kan det aldri bli heilt godt. Både helsemyndigheitene og dei fleste som gir råd, opererer ut frå eit materialistisk verdsbilete. Der er sjela eit framandord, og der finst det heller ikkje gode og vonde åndsmakter som påverkar korleis vi har det.

Når vi som kristne veit at det finst ei åndeverd, vert løysingar som ikkje tek omsyn til denne dimensjonen mangelfulle. I 1 Samuelsboka (kap. 16, 14) ser vi at ei vond ånd gav kong Saul angst. Berre når David spela på harpa si for kongen, letta det litt. Sjalusi, raseri og hemnlyst var andre følgjer av denne åndelege plaga.

I Markus-evangeliet (kap. 9) ser vi også at den vonde ånda hadde både fysiske og psykiske effektar på guten som var ramma. Stundom stivna han til, andre gonger vart han uroleg, og ofte vart han driven til sjølvskading. At tankane kan bli råka ser vi også i Johannes (kap. 13, 2). Det var djevelen som gav Judas tanken om at han skulle forråda Jesus, les vi.

I Efesarbrevet fortel Paulus at djevelen sender brennande piler mot oss. At dette handlar om vonde tankar, blir klargjort av Johannes Krysostomos. Det dreier seg om freistingar og syndige begjær, og Paulus kallar dei brennande, «for slik opererer desse begjæra», sa biskopen i ei preike.

Når vi som kristne veit at det finst ei åndeverd, vert løysingar som ikkje tek omsyn til denne dimensjonen mangelfulle. 

Men korleis skal vi kjempa mot dei vonde tankane og freistingane, tungsinnet og angsten? «Våre stridsvåpen er ikkje jordiske», skriv Paulus i 2 Kor 10,4. «Vi skal riva ned tankebygningar og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud», og «ta kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus».

Guds ord og trua i seg sjølv gjev oss eit sterkt vern. Men når det gjeld den praktiske utføringa av denne tankemessige kampen, er ikkje Paulus veldig detaljert.

Heldigvis har vi kristne også ein 2.000 år lang tradisjon med ei velutvikla lære om nettopp dette. Her er det vanleg å bruka helsevesenet som bilete, og den hjelpa ein kan få av ein lege. Her er det Kristus som er vår store lege, kyrkja er sjukehuset, og dei som kjem til kyrkja, er pasientar.

Sjølv om Kristus lækjer oss i dåpen, er det framleis ein god del «fysioterapi» som står att etterpå. Me må framleis modnast, leggja bort dei gjerningane som høyrer mørket til, og «veksa opp til han som er hovudet, Kristus» (Ef 4,15). Ein del av denne prosessen handlar om at vårt sinn (nous) må bli fornya.

All vår åndelege kamp startar der. Gregor den Store (540 – 604), forklarer at Jesus kom for å frigjera oss frå djevelens makt ved å «gå til krig mot dei åndelege sjukdomane djevelen kontrollerte oss gjennom». Desse sjukdomane blir ofte kalla laster eller lidenskapar, men vi kan også kalla dei destruktive tankemønster – tradisjonelt åtte eller sju i talet.

Johannes av Damaskus (675 – 749) legg til at Herren vann over lidenskapane som Adam tapte mot, for å gjera det lett for oss å sigra over dei same. «Han vart freista slik at Han kunne sigra for oss, og gje vår natur krafta til å vinna over motstandaren. Slik kunne menneskenaturens tidlegare undertrykkjar overvinnast gjennom dei same angrepa som han hadde sigra ved i gamal tid.»

Med andre ord: Vår fornya menneskenatur er no i stand til å vinna over syndene og lastene på ein måte som ikkje var mogleg før Jesu siger. Men korleis skal vi konkret gå til verks for å sigra over syndene etter at Jesus har gjort det mogleg? Korleis sigra over stoltheit, æresjuke og sjølvrettferd?

Om dette er det skrive mange bøker. Her skal vi nøya oss med eitt råd som er gitt av mange åndelege fedrar opp gjennom historia: Innsjå at Gud vil fullføra det verket han har starta i oss. Han vil som ein god far gi oss dei utfordringane vi treng for å veksa.

Dersom ein slit med stoltheit, vil ein få mange sjansar til å audmjuka seg. Dersom ein slit med gjerrigheit, vil ein få mange høve til å dela med andre. Dersom ein slit med sinne, vil ein få mange ting å irritera seg over.

Kanskje kan ein oppleva noko av det som motgang og vanskelege ting. Kanskje blir du freista med tanken: «Gud, kvifor sende du alt dette vonde i min veg?» Då kan vi snu om på det og seia «takk for at du gir meg det eg treng for å veksa». Alt vi møter på vår veg kan vendast til noko godt, men det krev at vi endrar tankemåten.

Eldste Taddeus av Vitovnika (1914 – 2003) sa det slik: «Livet vårt avheng av kva slags tankar vi tenkjer. Viss dei er fredfulle, rolege, langmodige og gode, då vil livet vårt vera slik også.»

2 Kor 10,4-5

For våre stridsvåpen er ikkje jordiske. Guds kraft er verksam i dei, så dei kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus.

Powered by Labrador CMS