STORM: Jesus stiller stormen.

«… men Jesus var om bord»

På barneskolen lærte vi mange Blix-salmar. Læraren var ivrig «målmann» – også i kristendomstimane! Han meinte kristentrua også kan bli kledd i nynorsk drakt.

I ein av dei første Blix-salmane vi lærte, var læresveinane ute på sjøen i full storm. Men midt i skildringa av uvêret, slår optimismen igjennom – ved eit «men»: «Men Jesus var om bord». Dette «men» endrar heile situasjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Ein båt i stormen duva,

men Jesus var om bord.

Hans læresveinar gruva

då båra braut på fjord.

Men sjå, då Jesus vakna

og truga storm og hav,

då vind og våger spakna,

og veret stilna av.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Uttrykka «storm … hav … vind … våger (bølgjer)» gav meining også for oss som hadde sett uvêr på Trondheimsfjorden. «Men sjå …», situasjonen var ikkje vonlaus!

Eg trur læraren vår sette oss på sporet av ei djupare meining i denne Blix-teksten. Dei sterke uttrykka for uvêr fekk vere bilete på kriser i livet. Dei kunne vere tøffe. «Men Jesus er om bord!» Og han er den same i dag.

Kjære ven. Du har ei sterk trøyst – midt i krisene dine. Ja, også i den siste store krisa kan du nynne på Blix si formulering «… men Jesus var om bord». Han vil dra båten i land.