Kyrkje og misjon frå Vest IV - muslimar vil verta kristne!

Ulf gledde seg over å få døypa fem born, tre av dei oldeborn etter Aud og Jon Bjorhom, foreldra hans.

Himmel møter jord når eit menneske vert Guds barn, ved dåpen og trua på Jesus, ved å høyra og ta imot evangeliet, til frelse frå synd og til evig liv med Gud. Guds armar er her nede, der evangeliet vert forkynt rett og sakramenta forretta slik Jesus innstifta dei. Men dette er biologisk vidareføring av kristendommen i eit land med ein tusenårig kristen tradisjon.

Noko langt meir likt det Ulf dreiv med i Japan, opplevde han i møte med ei gruppe menneske han kom til å verta kjend med på dette opphaldet heime frå Japan. I nærleiken, på eit mottak var det mange asylsøkjarar frå Syria, Afghanistan, Iran, Iraq og Afrika. Ulf engasjerte seg i deira situasjon som kom frå mottaket til gudsteneste og alfakurs. Nokre av dei hadde vore på mottaket i inntil 7 år utan å få opphald i landet og utan å få skattekort og høve til å arbeida.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fleire av dei hadde vore med aktive kristne brør og søstre på tur innover heia like ved Bjorhom. På Jonsokafta hadde dei vore på ei hytte innpå heia i Bjørkebygd, brent bål og songe kristne og norske songar, lese Guds ord saman. På julekvelden for nokre år sidan hadde eit ektepar fylt stova med folk frå Afghanistan, Iran og Afrika. Juleevangeliet vart lese på norsk, engelsk og farsi. Det var mange spørsmål som fekk svar om Jula og Jesus. Desse framande åt pinnekjøtt som ingen andre, trivdes og song jule-songar rundt juletreet, i lag med den jærske familien: “O jul med din glede og barnlige lyst, vi hilser deg alle velkommen.” Det vart ein minnerik julekveld i den lune og vakre, romslege og julepynta heimen, der alkoholfri stemning steig til dei store høgder.

Nokre ekstra tøffe realitetar framstår frå kristne miljø i Vest, der vi får besøk av muslimar og kristne som har konvertert frå islam. Først og fremst er det garantert, heilt tydeleg at dei som har konvertert, står i fare for å verta alvorleg skada eller drepne av muslimar som kjenner dei. Politiet og rettsvesenet vårt har ikkje skjøna dette, eller vil ikkje skjøna det. Om dei ikkje raskt tek tak i urett og hatkriminalitet som går føre seg i islamske miljø rundt oss, vil konvertittar frå islam til kristendommen mellom asylsøkjarane aldri kunna oppleva religionsfridom i Noreg. Politijuristar synest å tru at om dei berre kan unngå å idømma muslimske innvandrarar for hatkriminalitet, er dei halvvegs i mål. Det diamentralt motsette er tilfelle. Jo før dei får statuert tydelege eksempel på idømming av sviande straffer for denne heilt vanlege hatkriminaliteten, desto betre.

Politiet må skapa tryggleik for dei som er i landet, nordmenn, innvandrarar med løyve om midlertidig eller permanent opphald og asylsøkjarar utan løyve om opphald. Politiet har ikkje høve til å seia at dei ikkje vil gå inn i religionskrigen på mottaka. Det er nokså tydeleg at ei form for islamsk aktivisme, som minner om sharia-tankegang, får lov å fungera ved mottaka. Denne har som oppgåve å hindra at muslimar vert kristne. Dette, meiner eg, kan berre politiet setja effektiv stoppar for, ved å gå inn i miljøa og avsløra dette. Dei har plikt til å skaffa mannskap og midler til å gjennomføra dette grundig og over tid, elles vil vi aldri få bukt med dette store problemet! Det kan vera vanskeleg å spørja muslimar om slikt, det er sannsynleg at du får løgn til svar frå asylsøkjar som imam. Dersom du vil ha eit rett bilete av situasjonen, må du spørja tidlegare muslimar som har vorte kristne.

For mange av oss etniske nordmenn er det viktig at flyktningane som “bankar på vår dør,” inkludert døra til kyrkja vår, skal få god behandling. Eg har høyrt det frå UDI, UNE mange gonger at menneske som er i livsfare, ikkje skal sendast attende til Afghanistan, Iran, Iraq. Likevel vert konvertittar sende attende. Slike eg kjenner, har likevel klart å koma unna dei som ville drepa dei, og har til slutt karra seg attende og fått opphald i andre europeiske land. Dette er uverdig handsaming frå norsk politi si side av forfølgde kristne i landet vårt.

Kor er den store gleda, den guddommelege gleda, gleda over å hjelpa den eine? Me er opptekne av dei 99 nordmennene som uansett har det bra. Me kunne seia: “Jesus tek seg av den eine, som om ingen andre var!” Men i staden seier me til menneske i naud, som bankar på døra til Noreg: “Du må ikkje koma til Europa, til Noreg!” Sei meg, UDI, UNE kva kostar minst, å pina folk til døde på uvenlege og endåtil i nokre tilfelle låste mottak, utan arbeid og utan utdanning, eller å gje dei livet i Noreg og på sikt dra nytte av deira arbeidsinnsats, løna og frivillig, deira inntekt og skatt? Innvandrarar har like stort potensiale som Ola og Kari, men ikkje etter at dei har vorte overletne til å bu på trøysteslause norske mottak i 10 år utan å få høve til å gjera det skapande grann!

Men muslimar vil verta kristne, åkrane gulnar mot haust mellom innvandrarar i Noreg! Ein god kristen afghanar har vorte ein kasteball mellom Europa og Afghanistan. Italia trur på hans konverteringsfortelling og har gitt han opphald, medan UDI/UNE forlengst har sagt at han ikkje er ein kristen. Han sjølv seier at dei fleste muslimar han kjenner, ynskjer å verta kristne. Om Noreg hjelper afghanske flyktningar i Noreg til å få tillit til at dei kan ha religionsfridom i landet vårt, vil vi sjå mange som vert kristne. Ein annan fin kristen afghanar eg kjende, måtte røma til Frankrike. Han har vore uteliggjar i ein park i Paris i vinter. Men han hadde med seg ein bibel på farsi og nokre hefte for alfakurs på farsi. Nå har han fått rikeleg med biblar på farsi og driv alfakurs i ein park i Paris. Han har eit ekte kristent engasjement og har teke eit kristent namn. Denne har og fått stempelet sitt påskrive av UDI/UNE: “Han er ikkje ein kristen.”

Ulf: “Jesus er prøvd i alle ting i likning med oss, då utan synd.” Jesu liding og død i staden for oss gir frelse og evig liv, men den viser og veg gjennom lidinga sitt landskap. Dette er ein bodskap som står seg overfor kristne afghanarar som vert sende hals over hovud attende til Afghanistan. Det frir ikkje oss som kjenner dei frå å kjenna trykket av deira skjebne. Men Kristus har gått føre. Han kjenner dei. Men det frir ikkje Den norske stat for det etiske ansvaret for slike avgjerder.”

Eg trur meir på afghanske kristne enn på byråkratiet i Oslo, dei trur heller på Åpen folkekirke, som ikkje ynskjer å ha trøbbel med fleire levande kristne! Er det slik at nordmenn heller vil ha muslimar enn personleg kristne afghanarar eller syrarar. Om me kan gje konvertittar frå islam til kristendommen religionsfridom i Noreg, vil det verta lettare å integrera muslimar i landet vårt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bryne 11.04.16 Ingolv Gjedrem.

Engasjér deg!

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: Engasjér deg!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

Følg gjerne Dagen på Facebook

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

UKENTLIG NYHETSBREV: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!


Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

Dagen er Norges eldste kristne dagsavis. På papir siden 1919. Vi gir ut avis seks dager i uken og har abonnenter over hele landet. Vi har også en eavis som kan leses hvor som helst - og når som helst.

DEBATT: dagensdebatt.no kan du selv skrive egne innlegg og publisere dem direkte på nett. Og kanskje bruker vi også innlegget ditt i avisen Dagen.

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

ISRAEL: Få med deg nyheter fra Israel og hør podcast fra Israel-korrespondenten

ANDAKT: Følg gjerne vår andakts- og inspirasjonsside

MENIGHET: Les vår faste spalte Menighetsdoktoren

HUMOR og skråblikk finner du i Krykkjebakkposten.

TWITTER: Dagen og DagensDebatt

Les også
Exodus Den norske kirke?Engasjér deg!
Les også
Kyrkje og misjon frå Vest II. Ver ditt mål bevisst!Engasjér deg!
Les også
Misjon og kyrkje frå Vest - ny luthersk kyrkje, nytt rom i Dnk?Engasjér deg!
Les også
Kyrkje og misjon frå Vest III - Lutherdom på kraftfull norskEngasjér deg!