Kyrkje og misjon frå Vest III - Lutherdom på kraftfull norsk

Flykapring, bygerilja og internasjonal terror har vi hatt sidan 60-talet.Vi har det i fanget idag og verda kjem til å leva med det i lang tid.

Problemet er tusenvis av dødsfall ved terroranslag. Kunnskapen om at ei lita gruppe utan skrupler, kan riva til seg verda si merksemd ved spektakulære terroraksjonar er like fatalt. Kvar har islamske terrorgrupper lært psykologi og metode? Frå dekadente, venstreorienterte vestlege terrorgrupper! Tenk om dei heller hadde lytta til Gandhi: "Vår framgang mot målet er nøye relatert til reinleiken i midlene me brukar."

Kampen for kristent liv, tru og tanke kan lukkast, men berre etter Gandhi si retningsline:Ved å avstå frå alle former for vald og oppmoding til vald, men ved å bruka ordet i vekslande, argumenterande styrke, det er lovleg å vere litt meir enn "pusekatt".

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Innverknad frå den politisk venstreradikale rørsla er framleis synleg, ikkje minst ved den makt personar av same bygnad har gjennom statlege institusjonar som skular og universitet i vestlege land. Trenden ser ut til å vera å skapa det sekulære samfunnet med etikk løyst frå kristne røter.

Sekstiåttergenerasjonen har idag stort ansvar i bispekollegiet i Dnk (Den norske kyrkja). For storparten av desse fell det vanskeleg å tala om synd og nåde slik som Paulus. Derimot har dei lett for å engasjera seg i naturvern, klimakamp, trafikksikkerheit osb, der kjenner dei seg heime. Nokre av dei var i ungdommen aktive i kristensosialistiske grupper.

Situasjonen i bispekollegiet er resultat av nøye planlegging på venstresida i norsk politikk, som har hatt regjeringsmakt det meste av etterkrigstida. Det kan sjå ut til at venstretenking er gjøkungen som har gjort reint bord i bispereiret.

Ikkje alle kan kallast liberale teologar, men mykje tyder på at bispekollegiet er teologisk sett svært liberalt i gagnet. Dei har vist seg som eit kollegium det er høgst vanskeleg for truande, som tenkjer slik tankegangen var for ti år sidan, å ha nokoslag tillit til. Endå dei tradisjonelt konservative i flokken er nøytraliserte!

Eit sekulært samfunn løyst frå kristne røter er ikkje godt nytt for kristne menneske. Skaden ved dette nye samfunnet og denne nye moralen, vil verta langt meir skjebnetung enn den skade fem års okkupasjon og krig påførde oss.

Kampen som har gitt ein kald, sekulær humanisme stor innverknad på samfunnet vårt, har vorte førd av venstresida som blokk og nokre borgarlege politikarar.

Deira kamp mot det kristne må sjå som velsigna, evige verdiar, kan likevel ikkje vinnast. Evige moralske verdiar er ikkje draumar, i tilfelle er dei Guds gode skapardraumar.

Stat og individ kan ikkje trassa Guds vilje, Guds gode skapardraumar utan at det vil få fatale følgjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg hugsar frå min barndom Trygve Bjerkreim på besøk hjå si søster, mi farmor, sitera si eiga verseline for oss:

“Dei fagraste tankar Gud Herren har tenkt, dei venaste syn som for augo har blenkt, er kjærleikens plan om Guds rike.”

Me visste alle at Trygve meinte Guds kjærleik (agape) som ofra det dyraste Han hadde for å frelsa oss, Jesus, som er den kjærleiken som kallar oss til å verta tenarar i Guds rike. “Navnet Jesus blekner aldri, tæres ei av tidens tann. Navnet Jesus, det er evig, ingen det utslette kan!”

Kristne verdiar har vore byggjesteinar for dei gamle, vestlege samfunna, før den etter-kristne perioden sette inn.

“Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot dei. For så er lova og profetane.”

Ifølgje kristen etikk er det ikkje nok, passivt å halda seg frå å skada nesten vår. Vi er kalla til, aktivt å handla og gripa inn, for å hjelpa og støtta nesten vår.

Skaparordet er grunnlag for menneskeverdet: “Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. Og Gud velsigna dei og sa til dei: “De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk.”

Vi er skapte i Guds bilete som mann og kvinne, difor har vi menneskeverd! Kva betre fundament kan ein ha under eit livsvarig, heterofilt ekteskap, innstifta og velsigna av Gud, som skapte oss og gav oss livet?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det let seg likevel absolutt ikkje gjera for kyrkja å vigsla til ”samkjønna “ekteskap”” noko som er under Guds fordøming. Velsigning og fordøming/forbanning er motsetnader og kan ikkje kombinerast. Det heng ikkje på greip. (Rom. 1,24-27; 1Kor. 6,9; 3.Mos. 18,22)

Det paradoksale er at når menneske frir seg frå judeokristne verdiar, vedkjenner seg det sekulære og frir seg frå kristen innverknad, vil dei missa kontroll og skada samfunnsutviklinga.

Det dei i utgangspunktet måtte ha av tankar om menneskeverd, er avskårne blomar henta frå den kristne hagen. Om den hagen vert svekka, vil det dei måtte ha av verdiar, forvitra og forsvinna avdi avskårne blomar visnar.

Du kan gjerne ha humanitet i namnet og likevel enda opp med lite humane verdiar. Opprøret til 68arane og deira tru på at dei har fundamentet under eit demokratisk styresett og eit sekulært samfunn, er og blir ein mardraum.

La oss sjå på eit parallelt eksempel: Den liberale teologien har gjennom fleire tiår skada fundamentet under Dnk. Den har ein stor del av skulda for at talet på born som vert døypte i Dnk stuper, det same gjeld konfirmasjon.

Denne teologien er øydeleggjande for at kyrkja vår skal kunna vera ei folkekyrkje inn i framtida, den manglar eit sterkt nok teologisk fundament.

Åpen folkekirke ser ut til å tru at dei ved ei liberalisering av kyrkja vil ta vare på denne som folkekyrkje. Denne teologien vil tvertom vera øydeleggjande for at Dnk skal kunne halda fram som ei folkekyrkje i noko som helst meining av ordet.

Denne teologiske retninga vil ikkje bidra til at kyrkja får medlemmer som vil forplikta seg sterkt nok og melda seg til friviljug teneste i tilstrekkeleg grad til å betre tilstanden i kyrkja, langt mindre gje kyrkja nytt liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Min påstand vert difor: Den sekulære rørsla, i slekt med 68ergenerasjonen sitt opprør, inkludert Humanetisk Forbund, kjem ikkje til å verta byggjande for det norske samfunnet.

Då humanetikk vart lansert som livssyn ved borgerlig konfirmasjon i Oslo i 1950 og Humanetisk forbund vart stifta same stad i 1956, var menneskeverd og humanitet i fokus. Ein ynskte å byggja opp ein “kollektivets etikk”.

Kva var forresten“kollektivets etikk” i Nazi-Tyskland berre nokre få år før dette? Brotet med kristen tru og tanke var tydeleg nok, men at denne organisasjonen skulle verta ein reidskap til å innføra provosert abort på sosiale indikasjonar og seinare sjølvbestemt abort, var det ikkje alle som såg koma.

Kva slag humanisme/feminisme er det som vil opna for at gravide kvinner skal få rett til å overlata til abortlegar å drepa med kaldt blod tusenvis av born i mors liv i vårt lille land?

Når me gjer det gryande barnet i mors liv uynskt og drep det, seier me at ynskte born har menneskeverd, medan uynskte born er søppel.

Kva slag menneskesyn er det? Er ikkje det næraste svaret at det er eit livssyn som minner sterkt om nazisme?

Var det kanhenda ein samanheng mellom tysk nazisme så seint som i 1945 og tanken om massemord på meir enn 500 000 born i mors liv fram til idag i vårt lille land. Om desse kreftene framleis får ha avgjerande innverknad på det norske samfunnet, vil resultatet vera til uboteleg skade.

På same måte vil liberal teologi, som diverre med politisk hjelp frå venstresida og nå Åpen folkekirke har fått innpass i Dnk, få øydeleggjande innverknad på Dnk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Åpen folkekirke har som viktigste grunn til eksistens: Å gjennomføra samkjønna vigsel i Dnk, etter sitt famøse mytteri på kyrkjeskuta ved siste kyrkjeval.

Ei anna sak er at desse to rørslene veks frå same rot og er dermed ei rørsle som øver skadeverk i både kyrkje og samfunn.

To sekulære ideologiar har drive industrialiserte massemord/folkemord i vår eiga tid, på vårt eige kontinent og andre kontinent i ein skala som overgår alt vi tidlegare har sett.

Sovjetunionen, Hitlertyskland, Maochina, Albania og Kampuchea er nokre eksempel der sekulære ideologiar har skapt totalitære redsletilstandar.

Vi kan nemna Hitler, Stalin, Mao, Pol Pot og Enver Hoxha.

Me kan samanlikna Sør-Korea med Nord-Korea. Sør-Korea var i 1930 eit lutfattig buddhistisk land, idag er det langt på veg eit kristent land med eventyrleg positiv samfunnsutvikling, der Kristendom og Buddhisme fungerer til saman som eit godt grunnlag under ein demokratisk stat.

Nord-Korea er ein kommunistisk diktaturstat som har utvikla seg til å verta den verste redslestaten i verda. Folkesetnaden her er liten, medan den er stor i Sør-Korea. Nord-Korea er større enn Sør-Korea i areal og nord skulle i utgangspunktet vera betre eigna for jordbruk enn sør.

Kristendommen er utan tvil faktoren som har løfta Sør-Korea, ikkje i den liberale vanarten, men i evangelisk-konservativ og ofte karismatisk utgåve. For nokre tiår sidan samla Southern Baptist Pastor Billy Graham ein million menneske til gudsteneste på ein stor stadion i Seoul.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nokre vil seia at kristendommen har hatt sine svin på skogen som Balkan, Nord-Irland og dreiv visst med imperialisme i si tid. Uansett vert dette puslete bagatellar i samanlikning og forandrar ingenting.

Om ikkje kristne verdiar på nytt vert tekne på alvor, vil utdanning, næringsliv, statsskikk og familieliv ta skade. Når fundamenta under moralen manglar, minkar motivasjonen for ærleg arbeid og korrupsjon lagar “snarveg”, medan det i realiteten er ei snare. Næringsliv, verksemder og folk flest kjem til å lida under dette.

Me merkar oss med glede den fornya interessa, innafor breie lag av folket, for Hans Nielsen Hauge sin innverknad på arbeidsiv og bedriftsbygging.

Eg tek med eit sitat frå artikkelen: “”Spor” etter Hans Nielsen Hauge på Jæren - med særleg tanke på Time”- skriven av Jens Olav Meland:

“Hauge var ein gründer, åndeleg og sosialt. Han løfta ei ny klasse, bøndene, og utnytta dei nye mulighetene som blei skapt i det store biletet. Haugianarane overtok konkursbo og greidde å få verksemder til å fungere - ja blomstre. Samstundes kom det nye tekniske landevinningar og den industrielle revolusjonen banka på døra. Alt dette gav vind i den haugianske visjonen. Hauge var på mange måtar sjølv eit offer for det gamle kontroll-systemet, men blei ein foregangsmann for det nye, også i næringslivssamanheng. Den sosiale oppdrift som Hauge og haugianismen representerte på attenhundretalet har levd vidare over heile landet.

Vekkinga på tjuehundretalet har identifisert seg med Hauge-arven ved at slekter har fått bera vidare ein “kristendom der livet braut fram med kraft og glød” i åndeleg og sosial forstand.”

Eg er overtydd om at dagen kjem då sekulære humanistar som nå kjempar iherdig for å fjerna alle restar av kristen innverknad frå samfunnet vårt, vil koma til å innsjå at dei har gjort dette til skade for seg sjølv og andre.

Den liberale fløyen i kyrkja treng å merkja seg at Hauge var ein utprega evangelisk-konservativ kristen, eit framifrå eksempel på levande kristendom. Eg ber om og trur at dagen snart er der då Åpen folkekirke vil angra at dei med urette har bruka demokratiet til å riva sund Luther sitt livsverk og eit av Lutherdommen sine viktigste maksimer: Sola Scriptura! (Bibelen aleine)

Bryne 09.04.16 Ingolv Gjedrem.

































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































Engasjér deg!

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: Engasjér deg!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

Følg gjerne Dagen på Facebook

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

UKENTLIG NYHETSBREV: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!


Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

Dagen er Norges eldste kristne dagsavis. På papir siden 1919. Vi gir ut avis seks dager i uken og har abonnenter over hele landet. Vi har også en eavis som kan leses hvor som helst - og når som helst.

DEBATT: dagensdebatt.no kan du selv skrive egne innlegg og publisere dem direkte på nett. Og kanskje bruker vi også innlegget ditt i avisen Dagen.

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

ISRAEL: Få med deg nyheter fra Israel og hør podcast fra Israel-korrespondenten

ANDAKT: Følg gjerne vår andakts- og inspirasjonsside

MENIGHET: Les vår faste spalte Menighetsdoktoren

HUMOR og skråblikk finner du i Krykkjebakkposten.

TWITTER: Dagen og DagensDebatt

Les også
Kyrkje og misjon frå Vest II. Ver ditt mål bevisst!Engasjér deg!
Les også
Misjon og kyrkje frå Vest - ny luthersk kyrkje, nytt rom i Dnk?Engasjér deg!